Magasinett

Utskrift

Dikt og forbanna løgn

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Svenske Erica Löfström debuterer med bok på nynorsk. Foto: Olga Magnusson
– Nokre gongar kan det bli sannare om ein lyg litt, seier Erica, som debuterer med romanen Sex, musikk og vold på Samlaget.

Erica Löfström er svensk men bur i Trondheim. Ho debuterer med romanen Sex, musikk og vold, ei bok om nokon og tjue år gamle Beatrice.
Beatrice studerer journalistikk i Stockhold, er eteforstyrra, rotlaus, seksuelt utprøvande og driv med sjølvskading. Dessutan hatar ho intenst, og mest av alt, seg sjølv.
Men ho er glad i musikk og tre, som ho identifiserer seg meir med enn menneska rundt seg.

Med utspring i dagboka
– Eg er ganske nervøs, fortel Erica over ein kopp kaffi på Litteraturhuset i Oslo. Det er 14. august, dagen for den store haustlanseringa til Samlaget og dagen før hennar eiga debutbok kjem ut i handelen.
Boka om Beatrice har ho arbeidd med lenge, på sett og vis heilt sidan ho var barn.
– Beatrice har vore med meg lenge, heilt sidan eg starta å skrive dagbok i 10-års-alderen, fortel ho.
– Eg var ikkje noko god til å skrive dagbok, for eg berre laug heile tida, og dikta opp nye karakterar. Ein av desse var Beatrice, og ho har følgd meg sidan. I Sex, musikk og vold fortel eg første del av historia hennar, men eg har jo skrive mykje meir om ho, så denne boka er første del av ein planlagt triologi, fortel ho.
Dikte det har ho gjort heile livet, til og med frå før ho kunne skrive, fortel ho.
– Då eg var lita pleidde eg å dikte vidare på og endra alle bøkene eg las, eller som andre las for meg. Så eg har dikta heile livet, frå før eg kunne skrive, seier ho.
Det med å skrive om på og dikte vidare på bøker er heller ikkje noko ho slutta med etter at ho starta å skrive.
– Eg er nøydd til å skrive når eg les. Alle bøkene mine er full av skrift i margen, pilar og krot.
Men kva er det du skriv?
Nokon gongar endrar eg historia, og nokon gongar diktar eg vidare, fortel ho.
– Så det kan vere ganske slitsamt å lese, ler ho.
Frå omslaget til romanen Sex, musikk og vold.
Ein svensk debut på nynorsk
Sidan Erica er svensk, og snakkar svensk, må vi spørje det obligatoriske spørsmålet
Kvifor debuterer du på norsk, og kvifor på nynorsk?
Erica tenkjer på det.
– Eg bur jo i Noreg, seier ho.
– Og det er her eg vil bu, framover òg, så for meg var det viktig at eg ville vere forfattar i Noreg på norsk, sjølv om eg var svensk.
Og dette med nynorsk er i grunnen ganske enkelt for ho.
– Det er nynorsk som er nærast svensk, tykkjer eg, både i språk og i karakter.

Ei gjendikting utan original
Erica fortel at boka er skriven på svensk, og så omsett, eller gjendikta, til nynorsk av Monica Aasprong og Janne Marie Fatland.
– Dei har gjort ein fantastisk jobb, altså. Dei har ringt meg stadig vekk, mellom anna frå Gotland der dei hadde skriveopphald, og fortalt meg om utfordringar dei har hatt og løysingar dei har gjort, og det har vore ein spanande prosess å følgje med på, seier ho.
– Dei tok til og med ein tur til Stockholm for å gå i fotspora til Beatrice der, og då oppdaga dei fort at eg er ein svært løgnaktig forfattar, for det er slettes ikkje alt av mi skildring av Stockholm som er likt det verkelege Stockholm, seier ho.
– Til dømes er det ein scene i boka der eg skildrar korleis Beatrice ligg i eit hol under eit vindauge, men når Monica og Janne kom til adressa så var det jo ikkje noko hol der. Men det er jo fridomen vi forfattarar har, er det ikkje? Vi kan endre på verda som vi vil, seier ho.
Men korleis er det eigentleg å skrive ei bok på svensk, som så berre kjem ut i norsk gjendikting, så ingen får sjå den svenske originalen? Eg spør forsiktig.
Det er jo jättekul, svarar Erica.
– Då får eg jo ei ny lesaroppleving, som alle andre. Det er stas.
Ho dreg augnebryna saman, tenkjer seg om.
– Men då endar det sikkert berre med at eg skriv ho om, som alle andre bøker, seier ho.

Strategiar og sjukdom
Som tittelen røper er Sex, musikk og vold ei bok som handlar om både kroppslege og mørke tema. Likevel trur Erica at mange kan kjenne seg igjen i boka.

– Sjølvforakt er jo noko mange av oss kjenner på, sjølv om det ikkje for alle tar form av eteforstyrring eller sjølvskading, seier ho.
Både eteforstyrring og sjølvskading har fått mykje merksemd i både media og bloggverda dei siste åra, er det noko du har tenkt på medan du skreiv?
– Absolutt. Eg kan bli veldig irritert på det biletet som vert skapt i media av både av dei som er eteforstyrra og dei som driv med sjølvskading. Ein del verkar å tru at det berre handlar om å vere sjuk etter merksemd, men det er berre tull, seier ho.
– Og å tru at folk får anoreksi berre for å passe inn i moteklede er alt for forenklande!
Ho meiner det er farleg å sjå på sjølvskading og eteforstyrringar som berre destruktiv, og personane som driv med dette som offer.
– Både det å drive med sjølvskading og vere eteforstyrra er kompliserte strategiar for å takle ein vanskeleg situasjon. For mange er dette den einaste måten dei taklar ting, og då kan ein ikkje berre ta frå dei denne måten å hanskast med problema på. Kva har dei igjen då, spør ho, og peikar på at det er mange sjølvmordsforsøk i begge gruppene.
– Men det er synd, for det er så vanleg å ikkje ta psykisk sjukdom på alvor. Som når ein kallar antidepressiva for «lykkepiller», som var det noko ein tok berre for å bli glad, når sanninga er at psykofarmaka (medisin mot psykisk sjukdom) har redda tusenvis av liv. Det er ingen som seier til ein som har kreft at han eller ho burde kjempe mot sjukdom på eiga hand, utan å ta medisin, seier ho oppgjeve.
Plutseleg ser ho på meg med oppsperra auge.
– Men no snakkar eg masse om sjukdom, boka handlar ikkje berre om det, altså, seier ho og smiler.
– Det er mykje humor der, mykje svart humor, seier ho, og det glimtar til i auga.

Menneske bak ei maske
Med seg til intervjuet har Erica med seg ei ulvemaske. Denne bruker ho kvar gong ho les frå boka, for når ho les er det som om ho må vere Beatrice, fortel ho.
– Og Beatrice ville ikkje turt å lese framfor masse folk utan denne her, så derfor nyttar eg ho òg, seier ho, og peiker til ulvemaska.
Med seg til intervjuet har Erica Löfström ei ulvemaske. Foto: Benedikte SkarvikSidan Beatrice er ei jente som ikkje har det så lett, så har det ikkje vore så lett for Erica å skrive om henne heller.
– Det har kravt at eg har gått inn i personlegdomen hennar og levd meg inn i henne, og det har ikkje vore så enkelt. Men det er givande, seier ho.
Mange i Noreg for tida skriv sjølvbiografisk, du har ikkje vurdert det då?
Nei, seier ho, etter å knapt ha tenkt.
– Eg trur det er viktig både for forfattaren og lesaren å kunne vere eitt med personen i boka, og eg liker sjølv som lesar når eg ikkje har eit heilt klart bilete av personen er – ikkje veit alt om kor lang nasen er eller heilt korleis fargen på auga ser ut. Då vert det meir plass til å leve seg inn i boka, og det synst eg er viktig, seier ho.
– Eg glad i fiksjonen. Nokre gongar synst eg dessutan at ting kan bli sannare om ein lyg litt. Det kan iallfall bli sant på ein anna måte, avsluttar ho.