Magasinett

Utskrift

– Kor skal vi ende i jakta på det perfekte?

Skrive av Øystein Espe Bae .

Ungdomspolitikar Elisabeth Løland (KrFU) let seg gjerne påverke av absurde og morosame bøker.

 

Kva skjønnlitterær bok har du lese som har påverka det politiske standpunktet ditt eller verdiane dine i størst grad?

– Det må vere Vrengt av Harald Rosenløw Eeg. Eg las alle bøkene hans som tenåring, og eg elska det tidvis absurde i stilen hans.

Kva handlar boka om?

– Vrengt handlar om fire born som bur i ei diskokule i eit kjøpesenter. Dei kan ikkje gå ut derfrå fordi dei er feilproduksjonar, medan det elles berre blir akseptert perfekte menneske. Dei vart bestilt i frøbutikken av foreldra sine, men vart reklamert på då det viste seg at dei ikkje var perfekte. Dei er innbyttebarn. Ein har korte armar, ein annan er albino. Frøbutikken skulle eigentleg ha kvitta seg med borna, men ei dame som jobbar i butikken hjelper dei i skjul og gøymer dei i diskokula. Det er berre eit av borna som kan gå ut på dagtid, Jonatan. Skavanken hans er ikkje så synleg som dei andre sine, han har store svarte pandaauge, og viss han begynner å gråte tek det veldig lang tid før han sluttar. Heile tida trugar faren ved å bli oppdaga og destruert som feilvarer. 

Kva hending i boka vil du trekke fram som særleg engasjerande?

– Forteljinga om kjøpesenterbarna som heller makrell i tomat i fontenen om natta for å befri den er veldig morosam og utruleg alvorleg.

Kva tyder denne handlinga, trur du?

– Samfunnskritikken er tydeleg: Kor skal vi ende i jakta på det perfekte? Kva for born er til slutt velkomne i samfunnet vårt, og kva gjer det med oss?

– Sjølv om handlinga i boka er absurd og morosam er temaet skrekkeleg relevant. Vi har ein pågåande debatt om bioteknologi. Det er teknisk mogleg å sjekke mange av eigenskapane til eit komande menneske medan det enno berre er eit embryo. Er det greitt å sjekke mange embryo for så å velje det ein helst ynskjer seg? Mørkt hår og store musklar? Genane til menneska er kartlagt. Vi kan vita mykje om anlegg for arvelege sjukdomar, og om risiko for kreft eller overvekt. Ynskjer vi oss "designarbarn"? Som samfunn må vi forhalde oss til kva som skjer med oss i jakta på det perfekte, og ikkje minst kva som skjer med dei vi støyter ut. Kva gjer det med menneske med downs viss vi innfører tidleg ultralyd for alle?

Korleis har du som politisk person hatt høve til å påverke relevante politiske prosessar på det tematiske feltet som boka handlar om?

– For meg har alvoret i historia om dei feilproduserte kjøpesenterbarna vorte viktig politisk: kampen mot sorteringssamfunnet, og det å vere kritisk til den evige jakta på det perfekte er noko av det viktigaste KrF jobbar med. Eg vil ikkje at vi skal bli eit samfunn som byggjer på dei same verdiane som Mr. Mall, eigaren av kjøpesenteret.

– Desse spørsmåla blir i veldig stor grad avgjort politisk. Innføring av tidleg ultralyd vil eg kjempe mot. Bioteknologilova regulerer vanskelege etiske spørsmål. Ho må først og fremst ta utgangspunkt i kvart einskild menneske sin unike eigenverdi, ikkje i jakta på det perfekte. Det sørgja KrF for då vi sat i regjering, og det kjem til å vere ei av dei viktigaste sakene våre viss vi igjen får vere med å ta avgjerdene. Så må vi saman byggje eit samfunn som ynskjer annleisborna velkomne, seier ho.

For mange unge veljarar framstår kanskje det å lese ei skjønnlitterær bok som både irrelevant og lite spanande. Korleis skal unge bli inspirert til å lese?

– Det er det vel mange som har freista å svare på. Eg likte alltid å lese sjølv, men mange liker ikkje det. Til dei kan eg vel kanskje seie: det finst mange gode filmar der ute! 

Fullt namn: Elisabeth Løland
Alder: 29
Parti: Leiar i KrFU
Fødestad: Morfjord
Utdanningsbakgrunn: Har studert Russisk ved UiO.
Visste du? Ho er også medlem i organisasjonen Changemaker.