Magasinett

Utskrift

Kva er vitsen med lokalpolitikk, Geir Angeltveit?

Skrive av Atle Berge .

Geir Angeltveit, Trine Skei Grande, Terje Breivik og Anne Marit Buer. Foto: Venstre

Inspirert av spalta «Det djupe alvoret» i Dag og Tid, stiller vi dei mindre viktige spørsmåla om kva det er å vere menneske. I dag: Kommunestyremedlem for Stord Venstre, Geir Angeltveit om lokalpolitikk.

 

– Det er betrakteleg meir enn ein vits i lokalpolitikken. Lokalpolitikken, eller eigentleg det lokale demokratiet, er der for at folk som bur nært ein plass skal kunna ta avgjersler der. Lokalsamfunnet har behov som stadig treng å takast omsyn til. Kor skal ein plassera sjukeheimen? Kor skal ein leggja til rette for verksemder? Dette og tusen andre ting må heile tida avgjerast.

– Kunne ikkje politikarane og byråkratane i hovudstaden utført dei same oppgåvene like bra?

– Dei kunne neppe ha utført dei same oppgåvene i det heile tatt. Sjølvsagt kunne noko vorte flytta både opp og ned i forvaltninga, men nokre avgjersler gjer seg betre på visse nivå. Stord Kommune reiser ikkje på miljøkonferansar for å forhandla ein global klimaavtale, slikt sømmer seg betre for statar eller overnasjonale organ å behandla. På same vis ville det vore vanskeleg for ein byråkrat å gå på synfaring i Olanordmannsgate eller behandla personkonfliktar i konfliktrådet. Ein byråkrat i Oslo ville aldri brydd seg eller hatt det same brennande hjarta for ein kommune eller tettstad som dei som bur der. Slik er det berre. Dessutan er lokalpolitikarar nok betrakteleg billigare i drift.

– Kor lokal kan lokalpolitikk bli?

– Lokalpolitikken kan verta svært lokal. Mykje bygdesaker, utbyggingssaker eller anna. Vi støyter ofte på det amerikanarane kallar NIMBY, «not in my backyard», eller «ikkje i min bakhage». Folk er positive så lenge det ikkje råkar dei personleg.

– Kva er den mest ubetydelege saka du har vore med å stemme over som medlem av kommunestyret?

– Mest ubetydelege saka? Det var ein joker av ein lokalpolitikar som tok opp eit spørsmål om eit kunstverk kommunen hadde kjøpt, «Fish woman» heiter statuen. Flott kunstverk! Spørsmålet var om denne statuen var brennbar, tålte vind og vêr. Med andre ord, vikarierande argument for «eg likar den ikkje.» Partikollegaen min, utsmykkingsfondsleiaren, svarte på tiltale med ei skildring av statuen sitt materiale, «Acryl One», til stor latter frå salen. Spørsmålstillaren sette seg roleg ned etter det.

– Apropos han spørsmålsstillaren … Kva underlege skruar er det eigentleg som driv med lokalpolitikk?

– Stort sett er det heilt vanlege A4-folk, ispedd nokre originalar. Dei er som alle andre, berre det at deira hobby-jobb, jobbyen, er politikk. Folk som er interessert i å vera med «der det skjer» og bryr seg om byen sin. Som andre som stikk hovudet fram, må kanskje lokalpolitikarane ha litt tjukkare hud enn andre. Lokalpolitikarar som andre politikarar får gjennomgå dei også, men det er lettare å ha med å gjera når den som klagar er «han dusten frå barneskulen». Heldigvis er kritikken som regel både reell og grei. Det er langt mellom hetsen.

– Dersom nokon les dette og tenkjer: Det var lokalpolitikar eg skulle blitt … Korleis blir ein eigentleg lokalpolitikar?

– Det varierer nok frå parti til parti, og kommune til kommune. Sjølv var eg aktiv i Unge Venstre i Bergen i to år, før eg gjekk på mitt første årsmøte i Stord Venstre i 2011. Der sa eg at eg ville stå høgt oppe på lista. Dei var omtrent ferdig med lista, men eg fekk sjetteplassen. 

– Likevel kom du inn i kommunestyret?

– Når ein er i kommunar som min, kan ein også «mobilisera», altså spørja familie og vennar om å gje deg personrøyster og slengjarar. Eg fekk 59 slengjarar. Dermed suste eg forbi dei fire andre, endte på andreplass og kom inn.

– Kan lokalpolitikken vere ein arena for unge menneske å øve seg opp til større oppgåver, eller er det betre å engasjere seg i partia sine ungdomsorganisasjonar?

– Eg ville eigentleg anbefalt begge delar. Er du som meg, frå ein middels stor kommune så har du ingenting å tapa. I storbyane er det nok lettare å gå i ungdomspartia for å verta kjent med kva som skjer. Det kan verke kaotisk i starten med lokallag, fylkeslag, diverse utval og alt det der, men det går ganske greitt. Og det er veldig kjekt å møta folk, nye venar osb. Eg kjenner fleire her i Hordaland som har gått direkte inn i dei vaksne lokallaga, og folk som har vore aktiv i Unge Venstre i årevis før dei har «tatt overgangen». Det er veldig individuelt, og det er rom for alle begge plassar. Men ungdomspartia har nok ofte meir aktivitet og læringsseminar som kan vera kjekke.

– Eg merkar at det ikkje er lett å få deg til å gå med på at lokalpolitikk høyrer til dei mindre viktige tinga ved å vere menneske?

– Nei, lokalpolitikken er veldig viktig. Det er tross alt demokratiet ein snakkar om. Systemet der menneska i vårt land får mogelegheita til å delta og å vera med å avgjera framtida.