Magasinett

Utskrift

– Alltid noko å gruble på

Skrive av Øystein Espe Bae .

 Frå Apokalypse Nå!-filmen.

Som stortingsrepresentant for Sv har Hallgeir Langeland brukt lesaropplevingar som inspirasjon til å jobbe mot krig og kapitalisme.

Kva skjønnlitterær bok har du lese som har påverka det politiske standpunktet ditt eller verdiane dine i størst grad?

– Etter å ha sett filmen Apokalypse nå, med Francis Ford Coppola som produsent, måtte eg jo berre lese Jospeh Conrads bok Heart of darkness.

Kva er det med denne boka som gjer ho så spesiell, då?

– Romanen er ei krigsreise inn i jungelen, men altså også ei reise inn i sjela til folk, greiar Langeland ut, før han følgjer opp:

– Det er ei sterk antikrigsbok.

Hallgeir Langeland blei inspirert til å lesa av ein film. Foto: SVKamerat-litteratur

Sv-politikaren frå Rogaland nemner også amerikanske T.S. Eliot og diktet "The Hollow men" i forlenginga av denne nokså alvorlege anti-imperialisme-litteraturen. Men han har også eit kjent norsk forfattarnamn på lur:

– Eg trivst godt med å lese bøkene til Kjartan Fløgstad. Det er alltid noko å gruble på etter å ha lese bøkene hans.

– Ikkje minst romanen Grand Manila, seier han.

Korleis har desse bøkene som du nemner bidrege til å styrke eller fremje dei politiske sakene du arbeider med?

– Desse bøkene har gjeve inspirasjon og kraft til å jobbe mot krig og fordervelse, og for behovet for eit globalt systemskifte, forklarar han.

Langeland er klar på kva han ynskjer seg frå litteraturen og politikken ellers:

– Ei rørsle frå rå og krigersk kapitalisme til fredeleg sosialisme.

At det er antikrigsbøker som er viktige for politikaren som har blitt kalla den "raudaste" politikaren på Stortinget, kjem kanskje ikkje som ei overrasking, og difor er det berre naturleg at det i intervjuet like etter vert skote inn:

– Resultata er der, men krigen i Afghanistan skulle Noreg aldri vore med på!

Inspirert av film

Når ein ser på engasjerte politikarar som Langeland, er det ikkje vanskeleg å forstå at anti-imperialistiske bøker kan tenne ein sterkare flamme i eit allereie glødande idealistisk bål.

Men Langeland på si side vil ikkje tvinge på ungdomar liknande leseopplevingar i første omgang, og meiner andre medium kan gjere nytta i minst like stor grad, som ein inngangsportal til litteraturens rike.

– Det var film som først inspirerte meg til å lese, seier han.

Først film, og så litteratur?

– Det fungerte godt for meg, men her blir vegen til medan ein går, avsluttar ein pragmatisk Langeland.