Magasinett

Utskrift

– Reinen er livet vårt

Skrive av Marit H. Lajord .

 Ásllat Heandarat G. Anti utanfor reingjerdet heime i Karasjok. Kalving, gjeting, kappkøyring – fritid og leveveg. For Ásllat Heandarat G. Anti er reinen ein stor del av kvardagen.

 

– Eg har vore med i reindrifta heile livet, og fekk mitt eige merke då eg var 1 år seier Ásllat Heandarat G. Anti (19) frå Karasjok. Etter å ha fullført vidaregåande i vår, er han no klar for å gå inn i drifta på heiltid. Eg stakk innom heimen i Karasjok, medan reinen var på sumarbeite ut mot Børselv, ut mot kysten. Men sjølv om eg ikkje fekk treffe dei denne gongen, var det lett å få auge på levevegen – skinn til tørk på veggen, ein parkert 4-hjuling og høge reingjerde.

Ásllat gjeta flokken til familien åleine som 16-åring, og byrja merke kalvar på eige hand som 10-åring. Med sitt unike øyremerke, slik alle reineigarar har, til hjelp i sorterting og oversikt.

– Akkurat det var litt skummelt, for det gjeld å ikkje skjære feil.

Sol og snøscooter
Ásllat er klår for rein på heiltid – veker ute på vidda, gjeting med snøscooter om vinteren og 4-hjuling eller crossar om sumaren, sortering og meir merking. Han tykkjer ikkje det er skummelt å prøve, i alle fall ikkje for eit par år.

– For meg er det eit enkelt val. På vidaregåande har det også vorte mange veker med rein.

Så han tykkjer ikkje det er vanskeleg å trekkje fram kvalitetane ved livsstilen. Der våren er den finaste tida, når sola tittar fram etter den lange mørketida og så kjem det nyfødde kalvar.

– Når eg er heilt åleine med flokken og den har det godt, då har eg ingen bekymringar. Spesielt om våren og om sumaren, er det fint å vera åleine heile dagen.

Men reindrifta er også sosial, med familie og kompisar.

– Eg har mange gode minne i lag med kompisar, slik som når vi har fått flokken fram til gjerdet i lag og kan reise ut på fisketur.

 Ásllat har merka kalver sidan han var 10 år. Foto: privatLæringa
Ásllat har fleire slektningar som driv med reindrift i dag, og han har sysken som også skal inn i drifta. Å vekse opp i ein reindriftsfamilie inneber også mykje læring.

– Far min har lært meg mest, korleis reinen oppfører seg, kva som er gode beiteområde, kva reinen et, om veret og mykje om naturen elles. Han har også lært meg grunnleggande ting om korleis ein skal overleve i naturen frå eg var ung, som å lage bål, kjenne sør og nord for å kunne fylgje elva oppover til bygda, eller kva eg gjer om eit køyretøy vert øydelagt.

Reinen er ein del av kvardag og helg, og den er viktig:

– Reinen er livet vårt, spesielt økonomisk.

Slakting og uro
Etter sumarbeite vert flokken flytta dei mange mila til Karasjok for sortering og slakting. Så flyttar dei til vinterbeite mot grensa mot Finland, før dei på nytt flyttar reinen over vidda, utover mot sumarbeitet.

Men gjennom året kjenner er det også bekymringar, på sumarbeitet handlar det om rovdyra jerv og ørn, og kor mykje jerv det er i år… Og dei merkar overbeitet og debatten om mottiltaka. Der landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum har kravd at talet på rein i Finnmark må reduserast med ein femdel, og det er føreslege prosentkutt hjå alle reineigarar i fylket med tvangsslakt i siste instans.

– I dag er det alt for mykje rein her. Men no kan det verte tvangsslakt etter talet på rein, der dei som har mindre rein får større tap. Ein må gjere kutt på ein måte som likevel gjer det mogeleg å leve av reindrift,  meiner Ásllat.

Og sjølv kor vakker og viktig den er, kan også naturen vera ei utfordring.

– Når det er dårleg is og mørketid, slik det kan vera etter jul. Då føler ein at naturen jobbar mot ein.

Adrenalinet
Etter mørketida kjem påska og reinkappløpet gjennom Karasjok, som er berre eit av kappløpa Ásllat knivar i. Frå han var 14 har han køyrt om kapp med rein, i heimkommunen, Kautokeino, Tromsø og Finland, både i sprintklassa på 201 meter og i klassa på 1 kilometer. Det starta med turar til kappløp i Finland med faren, så tykte han det såg artig ut og vart sjølv med.

– Når ein er i boksen med og dommaren seier «klar», då stig adrenalinet. Når tre dei tre lukene går opp, er adrenalinet på topp.
Men det varer ikkje så lenge, knapt 20 sekund og så er runden avgjort om det er sprint, og slik går kvalifiseringane. Prosessen varar jamvel mykje lenger. Den startar med å finne ein køyrerein, som bør ha lange bein og også elles ein lang kropp.

– Så må ein temme reinen akkurat passe, for den må framleis vera litt redd kusken. Samstundes er det ulike køyrestil for kvar rein, forklarar Ásllat. Som har S-luosttat som sin faste køyrerein.

– For å verte god er det treng ein også god balanse og lårmusklatur, legg han til. Også han har fått gode plasseringar, mellom anna under Nordisk Mesterskap i Tromsø, der han tidligare i år kom på 3. plass og vann då han deltok i junior-klassa.

– Klarer ein kvalifisere seg vidare er det veldig bra. Å vinne gjev ei veldig god kjensle, spesielt om ein har gode rein bak seg, avsluttar Ásllat Heandarat G. Anti.

 Reinkappkøyring er eit adrenalinkick, og krev mangslungne kunnskapar. Foto: privat

Reindrift - faktaboks
• Det er om lag 250 000 tamrein i Noreg i dag, og talet har vore aukande dei siste åra.
• 70% av tamreinen er i Finnmark, men det er også samisk reindrift heil ned til Hedmark og andre tamreinlag i Sør-Noreg.
• I dag nyttar næringa om lag 40% av landarealet i Noreg.
• Overbeite og aukande reintal på i Finnmark, har ført til debatt og forslag om tvagsslakting av rein.
• Reindrifta er sett på som ein viktig språk-, kultur-, identitets- og næringsaktør i samiske område.(Kjelde: Reindrift.no, Sametinget.no)

Reindrifta pregar heimen, som med skinn til tørk på veggen.