Magasinett

Utskrift

Med sopelime mellom beina

Skrive av Andrea Nøttveit .

Hovudbilete: Fykande trenar Kai Shaw har tidlegare spelt VM på utveksling i USA.

Rumpeldunk er kanskje ikkje like høgtflygande i verkelegheita, som i Harry Potter, men det er trening.

 

– Brooms up!

Med limen mellom beina spring ti spelarar mot einannan. Vilt kaos med kostar, sluffar og klabbar. Tilfeldig forbipasserande stoppar for å sjå, trekk opp smarttelefonane. Rumpeldunk er ikkje som alle andre sportar.

– Då eg først byrja var det uvant å springe med ein lime mellom beina, etter ei stund vart det nesten uvant å jogge utan, seier Kai Shaw, spelande trenar på det eitt år gamle laget NTNUI rumpeldunk.

Galtvort i bakgrunnen
Shaw speler til vanleg målvakt, og er då den som skal hindre jagarane i å skåre gjennom dei tre målringane med sluffen, som er ein volleyball med lite luft. For kvart mål får laget ti poeng.

– Det er ikkje verst å spele framføre Galtvort, konstaterer Shaw, og siktar til at NTNU-bygget på Gløshaugen minner om skulen der Harry Potter går.

Sporten rumpeldunk eller quidditch, som det opphavleg heiter, har sitt opphav i J.K. Rowling sin populære bokserie om det magiske universet til trollguten Harry Potter. Fleirparten av dei som utøver sporten har eit forhold til bøkene, men det er ikkje berre lesehestar som speler. Tempoet er høgt og det må fleire drikkepausar til i løpet av ei trening.

– Eg likar det fordi det er ein veldig annleis sport og det er mykje som skjer samstundes, det finnes både element av handball og kanonball i rumpeldunk, fortel Shaw, som først byrja å spele då han var på utveksling på Berkley i USA for to år sidan.

Når han snakkar om element frå kanonball snakkar han om knakkarane, som har i oppgåve å skyte jagarane med klabbane, som er spesialimporterte ballar frå USA.

Kai Shaw leier ann troppane sine.Nimbus 2000
Den finaste limen på treninga, den som er ein direkte kopi frå filmane, er òg importert frå USA, av ein kanadisk utvekslingsstudent. Men ingen køyrer Nimbus 2000, det er det berre Harry Potter som gjer.

– Den er ikkje betre, men han ser kulare ut og er dyrare, seier eigar og nestleiar på rumpeldunklaget Elisabeth Ingeberg Jørstad.

– Mange kommenterer at: “de kan jo ikkje fly”, deretter vert det ofte til at eg må forklare reglane, fortel Shaw.

For det er ikkje berre mangelen på flygande kostar som er avvikande frå Harry Potter sin sport. Snoppen er i bøkene og filmane ein liten gullfarga ball med venger, som er nesten umogleg å fange. Speidaren, som er Harry Potter sin posisjon, har i oppgåve å finne snoppen og for det får han 150 poeng. Spelet endar når snoppen er fanga, og laget som fangar snoppen vinn som oftast.

Showsnopp
Snoppen i verkelegheitas rumpeldunk er ein nøytral tredjepart som har ein tennisball i ein sokk hengande bak seg. Han gøymer seg før spelet startar. I bakkerumpeldunk får ein berre 30 poeng for å fange snoppen.

–Snoppen er ofte ein publikumsfavoritt, som lagar litt show. Under NM var det ein snopp som klatra opp på eit tak, noko som gjorde det vanskeleg å følgje etter med limen mellom beina. Ein annan klatra opp på eit lekestativ og rutsja ned ei sklie, fortel Shaw.

Nummer 11 er amerikansk utvekslingsstudent, som kan fortelje at nivået er høgare heime.Større i Amerika
NM i rumpeldunk vart arrangert for fyrste gang i fjor. Der stilte NTNUI som einaste universitetslag, medan to vidaregåande skular stilte lag. Lambertseter vidaregåande frå Oslo stakk av med sigeren.

Shaw trur at noko av grunnen er at laget deira ikkje gjekk til topps er at dei ikkje alltid speler med snopp, fordi det krev fleire spelarar. Det kan vere frå tre spelarar og oppover på kvart lag, sjølv om tre er i minste laget. I konkurranse er det sju spelarar på kvart lag.

I tillegg til NM har Shaw spelt turneringar i USA, mellom anna verdsmeisterskapet i 2011. Han peiker på at sporten er ein fullkontaktsport, og kanskje det er noko av grunnen til at amerikanarane er så gode.

Brendan Bergerud, ein norsk-amerikansk utvekslingsstudent frå Minnesota, har allereie erfaring som rumpeldunkspelar frå heimlandet.

– Det er kanskje ikkje så stort her, men det er ganske stort i Amerika, smilar han, og fortel at entusiastar arrangerte rumpeldunk under OL i London, riktig nok ikkje på det offisielle programmet.

Bergerud er av dei mest erfarne på treninga. Fleire er nye, men tek reglane fort. Nokon tek feil ball, men alle heng godt med.

– Det var litt vanskeleg å tenkje på å halde limen mellom beina, seier Runa Hellum, som er på si fyrste trening.

– Det er lurt å halde midt på i staden for heilt framme, slik mange nybegynnarar gjer. Då subbar han ikkje i bakken, rår Shaw.

– Brooms up!

To spelarar klaskar kostane saman.

Nestleiar Elisabeth Ingeberg Jørstad i duell med ein av fire ferskingar på dagens trening.

Fersking Runa Hellum får gode råd av Kai Shaw til korleis ein skal halde limen rett.

FAKTA: Rumpeldunk

Byrja i 2005 på Middlebury College i Vermont.

Det er over 300 offisielle rumpeldunklag i verda.

NTNUI Rumpeldunk starta hausten 2012

Reglane:

Det er to motstandarlag

Kvart lag har sju spelarar:

- Tre jagarar som skal skåre med sluffen
- To knakkarar som skal slå ut jagarane med to klabbar (ballar)
- Ein speidar, som skal fange snoppen

Kvart mål tel ti poeng

Å fange snoppen (ein person med tennisball i sokk hengande på seg) gjev 30 poeng

Når snoppen er fanga er spelet ferdig

Ein kamp tek oftast kring ti minutt Alle må til ei kvar tid ha ei lime eller pinne på 80-120 cm mellom beina.

Mistar ein limen eller vert treft av ein klabb, må ein attende til eigne ringar før ein kan fortsetje

Gult kort er eit minutts utvisning, raudt er endeleg utvisning.

Det må vere minimum to spelarar frå kvart kjønn på laget.

http://iqaquidditch.com/

Ein rumpeldunkkamp er eit kaotisk syn, med dei mange ballane, limane og spelarane.

Kai Shaw flyg mot målringane for å skåra med sluffen, ein knakkar står klar med klabben for å slå han av limen.

Det vert litt knall og fall i nærkontaktsporten.

Bak treningsområdet ligg hovudbygget til NTNU på Gløshaugen, som kan minne litt om Harry Potter-skulen Galtvort.

Sluffen er ein volleyball med lite luft.