Magasinett

Utskrift

– Eg har det i blodet

Skrive av Marit Lajord .

Sámi Grand Prix er ein av arenaene Kim Hallgeir har markert seg som joikar. Foto: privat

Kim Hallgeir Berg joikar kvar dag, noko han vil halde på med resten av livet. Han skulle ynskje fleire unge heldt på tradisjonen.

 

– Eg har joika heile livet, det er noko eg har i blodet. Ein kan joike om alt, personar, ein hund eller natur. Eg nyttar både joikar eg har laga sjølv og joikar eg har høyrt frå andre, seier Kim Hallgeir Berg (22) frå Karasjok. Han har markert seg som joikar, til dømes med deltaking i Sámi Grand Prix i Kautokeino og opptreden på Arctic Winter Games, som er vinterleikar for barn og unge i arktiske område, i Canada. Platekontrakt har han også fått, og om eit til to år kjem den fyrste CD-en.

– Ein joik kan vera eit musikalsk namn på ein person, det er den store skilnaden frå norsk musikk. Slik kan den vera ei gåve, og tidligare var ein joikemelodi noko alle fekk, forklarar Ola Graff, professor ved Universitet i Tromsø, som har forska på samisk tradisjonsmusikk.

Personane
Kim Hallgeir Berg joikar gjerne personar – ein rik flyttsame frå Kautokeino, bestemor si,  broren eller oldefaren. Sistnemnde set han høgt sidan han fekk treffe oldefaren. Den inneheld namnet og kvar han hadde rein. Snart skal han lage ein bryllaupsjoik til bryllaupet til tanta si, noko som også er tradisjon.

– Når ein joikar ein person er ein der inne, ein er der personen er. Ein kan juble eller vera roleg, men er i andre tankar, forklarar Kim Hallgeir.

Ein joik han har laga er kjærasten, som han framførte under fjorårets Grand Prix.

– Ho vart overraska. Ein joik er ei ganske stor gåve, den varer heile livet.

I Sámi Grand Prix konkurrerar kvart år joikarar frå heile det samiske område – frå Noreg, Sverige og Finland, og nokre gonger frå Russland. Kim Hallgeir har vore med fire gonger. Fyrste gongen var i 2009, og då kom han på andreplass med joiken om broren.

– Eg vart med for å prøve noko nytt, og fyrste året var det ganske skummelt.

I motsetnad til den norske Melodi Grand Prix-finalen, vert det heile avgjort av ein jury og det er ikkje høve til å stemme per telefon.

– Det er greitt at dommarane avgjer, elles ville berre den med størst slekt vinne, humrar Kim Hallgeir.

Variasjon
For sjølv om ein kan joike om alt, og det finst mange joikar om dyr og natur, er personjoikane dei vanlegaste. Men det er meir som skil joiken frå tradisjonell norsk musikk.

Professor Ola Graff forklarar joiken som eit musikalsk namn på ein person. Foto: June Åsheim, UiT– For det fyrste er det jo ein skilnad i det ein høyrer med same. Det er ein spesiell måte å bruke stemma på i joiken, og skalaane er annleis. Teksten er gjerne improvisert, og ein står fritt til å lage ein joik utan tekst i det heile, forklarar Ola Graff.

Men også innanfor joiken er det store variasjonar. Joikane vi høyrer på plate, TV og radio kjem stort sett frå den nordsamiske tradisjonen, men det finst om ein sørsamisk, lulesamisk og austsamisk tradisjon.

– Skilnadane er forbausande store, legg han til.

Levande tradisjon
Graff peikar på joiken som ein levande tradisjon i sentrale indre strok av Finnmark.

– Der er det mange som kan joike, og særleg i miljøet rundt reindriftssamane er tradisjonen i høgste grad levande, forklarar Ola Graff. Men langs kysten og i samiske område i Nordland og Troms, har tradisjonen i større grad døydd ut. 

– Der joiken står sterkt, er Grand Prix og nyskrivne joikar viktig. Artistar som Mari Boine har også hatt stor avgjerd som forbilde.

Til grava
Kim Hallgeir Berg trur nokre eldre ikkje tør joike, etter perioden der ein ikkje skulle joike. Han  skulle gjerne sett at fleire heldt på tradisjonen.

– Vi skulle gjerne vore fleire unge folk. No til dags er det mange som ikkje vil ha det tradisjonelle, og må ha meir moderne musikk.
Sjølv held han fast på joiken, og joikar kvar dag – gjerne på fjellet, snøscooteren eller i bilen.

– Eg kjem til å joike heilt til grava, ein kan ikkje gløyme noko ein har i blodet, avsluttar Kim Hallgeir Berg.

Kim Hallgeir joikar gjerne i bilen.

Joik – faktaboks

• Tradisjonell samisk musikkform.

• Rekna for å vera blant dei eldste musikktradisjonane i Europa.

• Tradisjonelt nytta i heile det samiske området.

• Utsett i fornorskinga av samane, mellom anna med forbod mot å joike i skulen.

• Sámi Grand Prix har vorte arrangert kvart år sidan 1990 i Kautokeino, og har ein eigen joikedel.