Magasinett

Utskrift

– Artigare enn å strikke

Skrive av Marit H. Lajord .

Tuva Svendsen lagar tørkle til samekofter, og tykkjer det er viktig at ungdom lærer seg tradisjonelt handverk.

 

– Vi bruker kofta oftare enn ein brukar bunad. I tillegg til konfirmasjonar, bryllaup, Samefolkets dag 6. februar og 17. mai, er det vanleg å bruke kofte på til dømes møte, forklarar Tuva Svendsen (18) frå Karasjok. 

Tuva Svenden illustrerar korleis ho brukar nåla når ho knyter silketørkle.Til mange av koftene er silketørkle, i ulike storleikar og med mange fargekombinasjonar, vanleg tilbehør. Tørkla skal ha frynser, og desse er gjerne knytt for hand. Denne teknikken Tuva har lært seg dei siste åra.

– Eg likar høvet til å designe sjølv, velje farger og mønster. Det er lett å bli hekta når ein er i gang, berre knytte litt til eller ut fargen.

Ikkje vanskeleg
I prosessen kjøper ein fyrst eit ferdig silketørkle og spolar med tråd i valde fargar, så startar knyteprosessen – med surring, 20 trådar på nåla og så den fyrste knuten. Så vert det mange fleire knutar, før ein festar frynsene til tørkle.

– Det tek ganske mange timar, eg brukte sikkert 10 dagar på dette tørkle, seier Tuva. Ho fekk lyst til å lære seg teknikken fordi kjøpte ferdigknytte tørkle er dyrt, og fordi ho meiner det er viktig at ungdom lærer tradisjonelle handverk. Ho fekk tips av ein familievenn, men lærte elles teknikken på eige hand.

– Det er ikkje så vanskeleg, og det er artigare enn å strikke. Noko som gjer det artig, er at det er noko som ikkje så mange kan.

Kvalitetstid
Til saman har Tuva knytt 6-7 tørkle, til seg sjølv, mor og veslesyster. For ho går knytinga i periodar, og ho skildrar det som ekstra kvalitetstid i kombinasjon med andre aktivitetar.

– Eg hadde til dømes særemne om Kristin Lavransdatter, og høyrte alle bøkene på lydbok medan eg knytte. Så høyrer eg mykje på musikk, men å sjå på TV går ikkje, avsluttar Tuva Svendsen.

Duodji
At det er viktig for ungdom å lære tradisjonelt handverk, får støtte av Marianne Balto(Arbeidarpartiet), som er ansvarleg politikar for Duodji på Sametinget. Duodji er nemninga på samisk handverk og kunsthandverk, og omfattar arbeid innan til dømes tekstil, skinn, tre, bein og metall.

Tuva i kofte med silketørkle ho har knytt sjølv. Foto: privat.– Duodji er viktig for kultur og identitet. Tidligare skjedde kunnskapsoverføringa i heimane, men det er ikkje så vanleg lenger. Derfor er det veldig viktig for oss at ungdom lærer det.

Marianne Balto peikar og på at det bør kunne vera mogleg å leve av Duodji. Derfor har Sametinget mellom anna jobba med mellom anna lærlingordning, og ulike tilskot- og stipendordningar.

– I mange område er det vanleg å kombinere ulike arbeid. Om ein ikkje har Duodji som fullt yrke, er det fint å kombinere med anna arbeid, avsluttar ho.

Silketørkle med ferdigknytte frynser, laga av Tuva.