Magasinett

Utskrift

Prøver å skremme seg sjølv

Skrive av Atle Berge .

 Foto: Marte Belsvik Hansen

Han skriv om asylbarn på flukt frå politiet, men det er språk og spenning, ikkje innvandringspolitikk, Atle Hansen er opptatt av når han snakkar om ungdomsromanen Flukt.

 

Sol inn vindauget på Kringla konditori. Utsikt over fjorden og kvinnheradfjella. På bordet står dei tomme koppane til gjestane som sat her før oss. På veggen heng eit måleri som …

– Eg skildrar aldri korleis romma i tekstane mine ser ut, seier Atle Hansen frå andre sida av bordet. – Eg fortel aldri kva som heng på veggen. Det held å skrive at situasjonen finn stad i ei stove, så ser folk for seg ei stove, gjerne si eiga.

Kven er forteljaren?

Knappheita med informasjon pregar også personteikningane til Hansen: Eg-forteljaren i Flukt er ikkje berre namnlaus, hovudpersonen manglar også kjønnspesifikke karakteristikkar. Når forteljaren klemmer bestekameraten Karl og kjenner seg merkeleg elektrisk, veit lesaren difor ikkje om det er snakk om gryande homoseksualitet, eller ei jente som er på veg til å bli forelska i kompisen sin.

– Det er ofte lettare å skrive når ein har nokre skrivereglar, seier Hansen. – Ein av reglane mine då eg skreiv Flukt, var at eg ikkje skulle avsløre kven forteljaren er. Difor veit du ikkje om det er ein gut eller jente som fortel.

Huset under Hammaren

Atle Hansen kom ut med si første bok 43 år gamal i 1997. Etter det har han skrive elleve bøker for barn og unge, fire romanar for vaksne. Og no, samstundes somfire regjeringskåte partileiarar sit i Nydalen og kranglar om den framtidige norske innvandringspolitikken, er han altså aktuell med ein lettlesen roman om eit ungt menneske som hamnar i trøbbel når han, eller ho, prøver å hjelpe to asylbarn med å flykte frå myndigheitene som vil sende dei ut av landet.

– Kor planlagd var det at boka skulle komme ut samstundes som ei framtidig borgarleg regjering kranglar om nettopp asylbarna?

– Det har eg ikkje tenkt på, ler forfattaren. – Skrivinga starta med ein situasjon, eit landskap. Nesten alt eg har skrive finn stad i ein geografi som liknar staden eg vaks opp. På Moster, Bømlo. Der står det blant anna eit sjøhus som eg såg for meg at hovudpersonen sat i då eg skreiv dei første sidene.

Hansen såg også for seg eit anna hus, eit fråflytta hus under ein hammar, og to par fotspor i snøen mot dette bygget.

– Eg måtte finne ut kven det var som hadde gått inn i huset. Heilt tilfeldig las eg ei sak om asylbarna i avisa, og fekk ideen.

Spenning, ikkje politikk

Ein fjerde viktig person i Flukt, er bestekameraten til hovudpersonen. Når lesaren møter Karl er han eit ungt menneske som reproduserer haldningane til den innvandrarfiendtlege far sin. «Pappa seier at dei har ingen ting her å gjera […] For alt me veit, kan dei vera søkkrike, eller narkosmuglarar, eller ha drepe folk i heimlandet», seier Karl om 7-åringen og 9-åringen på flukt.

– Du forstår at det er lett å oppfatte dette som svært politisk lada?

– Det er flott om teksten får unge lesarar til å tenke og diskutere politikk, men det var ikkje utgangspunktet mitt. For meg har det viktigaste vore å skrive spennande og lettlese.

Kort og konkret

Medan mange krimbøker for vaksne er overlessa av unødvendige detaljar, er teksten i Flukt korthogd og klisjefri.

– Både som journalist og forfattar har eg alltid prøvd å skrive så enkelt og konkret som mogleg, forklarar Hansen. – Som nemnd skriv eg lite om korleis folk og stader ser ut, og eg skriv mykje dialog.

Han fortel at han er opptatt av det munnlege språket. Han vil at tekstane skal vere gode å lese høgt, ha rytme.

– Skriftspråket er sjølvsagt noko anna enn talespråket, men eg prøver å nærme meg talespråket. Eg er opptatt av korleis sidene ser ut. Luft og linjeskift. Lesaren skal ha tid til å trekke pusten.

Bruker eigen frykt

Dei unge menneska i Flukt er ofte overmodige, og langt frå alle dei møter fortel sanninga om seg sjølv. Forteljinga er konstant spennande. 

Hansen fortel at trikset er å ikkje fortelja for mykje: 

– Spenning er ofte skapt av mangel på informasjon. Skal du skremme andre, må du dessutan skrive noko som skremmer deg sjølv. Eg veit ikkje kva som skremmer andre, eg veit berre kva som skremmer meg. Eg satsar rett og slett på at andre er redd for det same som meg.

– Det skal vere ekte angst, forresten, legg han til. – Eg skriv ikkje bøker om vampyrar og spøkelse.

– Men du har jo skrive ei bok om ei heks?

Ja, men det var ei ekte heks! Ho var basert på kvinner eg var redd i barndommen.