Magasinett

Utskrift

Svarte-Røssland og spøkelsa hans

Skrive av Tora Hope .

Torarve: Tor Arve Røssland står bak grøssartrilogien om Svarte-Mathilda. Vi spurde kva han sjølv er redd for. Foto: Privat

Forfattar Tor Arve Røssland har planen klar i tilfelle zombieinvasjon.

 

I vår kom forfattar Tor Arve Røssland med den siste boka i grøssartrilogien om Svarte-Mathilda, det vondskapsfulle gjenferdet som vandrar frå spegel til spegel.

Denne månaden vart boka presentert under Forfattarsleppet i Bergen, og Røssland har fått nok ein sjanse til å øydeleggje tenåringar sin nattesvevn. Vi har prøvd å finne ut kva som gir forfattaren sjølv vonde draumar og kva han ville ha gjort om han hamna i eit mareritt.

Stikke til skogs med gode slagvåpen
– Kva hadde du gjort om verda vart invadert av zombiar?

– Morosamt at du spør. Ifølgje boka ”The Zombie Survival Guide” er det ikkje hjelp i å barrikadere seg i eit hus. Zombiane kjem seg alltid inn. Ein må langt inn i skogen, der dei ikkje gidd å leite etter deg. Og så må ein ha gode slagvåpen, som brekkjern eller øks, seier Røssland.

– Skal ein berre gøyme seg i skogen for alltid?

– Det er ikkje godt å seie. Kor lenge lever ein zombie, eigentleg? Det er litt uklårt. På eit tidspunkt vil dei vel svelte i hel, så om ein held ut lenge nok kan ein snike seg tilbake etter nokre månader. Å gå i kamp med zombiane blir for dramatisk.

Faktisk held forfattaren for tida på med ei zombiebok, som han håpar vert ferdig før jul.

– I boka vert Bømlo invadert av zombiar.

– Bømlo?

– Ja, kvifor ikkje? Hovudpersonen er ein ung mann på 16 år, som er forferdeleg forelska i den ferske kjærasten sin. Når Bømlo vert invadert, oppheld ho seg på ein annan kant av øya, så han må komme seg dit. Det er ikkje heilt ukomplisert med alle zombiane i nabolaget. I boka vert det òg spekulert i om kanskje myndigheitene kan stå bak invasjonen.

– Dei blåblå?

– Nei, boka er ikkje politisk motivert, seier Røssland.

– Konspirasjonteoriane i boka dreier seg heller om militæret. Men dersom zombiane hadde hatt stemmerett så veit eg kva parti dei hadde stemt på. Tolk det som du vil, ler han.

Haiar og asteroidar
Røssland verkar ikkje å frykte zombiar i veldig stor grad. Heller er han kanskje over gjennomsnittet førebudd på ein eventuell invasjon. Men kva ville han ha gjort om ein svær asteroide med potensial til å utslette menneska hadde hatt kurs mot jorda?

– Hadde eg skrive ei bok om det hadde eg vore ein romforskar som sprengte asteroiden i lufta. I røynda hadde eg nok sett min lit til vitskapen, og håpa at det skulle gå bra. Eg trur ikkje eg kunne ha hjelpt til der, seier forfattaren.

– Enn om du kantra i båt langt ute på havet og var omgjeven av hai?

– Er eg åleine?

– Ja, båten ligg opp-ned. Du kan symje til land, men det er svært langt.

– Då hadde eg kanskje drepe ein av haiane, så dei andre vart oppteken med den, medan eg padla til land med haifinna som åre. Eg hadde ikkje gitt opp, men det spørs om eg ikkje hadde vorte eten opp på veg til land.

I vår gav Røssland ut den siste boka om Svarte-Mathilda. Ho er eit demonisk spøkelse, som gøymer seg i speglar og kjem fram om du seier namnet hennar sju gongar. Så langt har vi ikkje klart å få Røssland til å sveitte, men kva om han hadde fått sitt eige skrømt i hælane?

– Oi. Då hadde eg knust alle speglar i nærleiken og prøvd å drepe henne. Det gjeld å halde seg vekke, men det er ikkje så lett å sleppe unna Svarte-Mathilda. Truleg ville eg berre ha sprunge vekk, hylande som ei lita jente. Slike små jentespøkelse er jo dritskumle, så det spørs om eg hadde vore så veldig tøff. Eg trur eg hadde halde meg frå freistinga til å lokke henne fram.

Ikkje dårleg samvit
Sjølv om Røssland held fast ved at han ikkje trur på spøkelse før han eventuelt ser eit med eigne augo, innrømmer han at vi nærmar oss det skumlaste han veit.

– Utanom edderkoppar, meiner du? Ja, jentespøkelse er absolutt noko av det verste. Særleg augeblinkane rett før du ser dei, når dei står med ryggen til for eksempel, eller når du ser dei i korte glimt. Samstundes er jo det desse som er dei gøyaste òg, seier forfattaren.

Sjølv om han har hatt selskap av Svarte-Mathilda i nokre år, søv han ikkje dårleg om natta.

– Eg har sjeldan mareritt. Då trur eg heller at eg har øydelagt nattesvevnen for andre.

Han har ikkje dårleg samvit av den grunn.

– Det er deira eigen feil når dei vel å lese bøkene mine, ler han.

LES OGSÅ: Nynorskhelvete i dialektparadis

Uskuldige småjenter
Kanskje er det ikkje så overraskande at småjenter som går att er noko av det skumlaste forfattaren veit. Små, tilsynelatande uskuldige jenter er eit velkjend fenomen i grøssarverda, også utanom Røssland sine bøker. Tenk berre på tvillingane i filmen Vondskapens hotell.

– Kvifor er små jentespøkelse så forferdeleg skumle?

– Eg har ofte lurt på det same. Dei er jo mykje skumlare enn vaksne spøkelse. Eg er ikkje sikker på kvifor det fungerer så godt med små jenter som luskar i skap, speglar og bak dører. Kanskje er det fordi dei er så uskuldige når dei lever, at ein ventar at dei skal vere snille også som gjenferd? Når dei så vert farlege i staden vert det ein kræsj.

Eit politisk spøkelse
Som forfattar av barne- og ungdomsbøker har Røssland turnert skular og skremt elevar. Han seier sjølv at han ser fleire filmar enn han les bøker, og blant favorittane er zombie-serien The Walking Dead og hai-filmen Jaws.

– Kvifor likar vi så godt å bli skremde?

– Vi er flinke til å leve oss inn i det overnaturlege og urealistiske. Vi veit at vi er trygge, samstundes som vi matar fantasien. Slik har vi alltid vore – historier om spøkelse har alltid fascinert menneska. Det er utruleg fascinerande og ganske kult med desse vandrehistoriene som består, til og med i vår moderne verd, seier forfattaren.

– Eg trur vi vil at spøkelse skal eksistere. Kanskje er det ein tryggleik i å tenkje at ein seinare kan gå att. Eg hadde i alle fall føretrekt det framføre å forsvinne heilt. Så kunne eg ha kome tilbake og heimsøkt folk eg ikkje likar, ler han.

– Hadde du vorte eit snilt eller eit vondt spøkelse?

– Eg hadde vorte eit politisk spøkelse, som hadde skremt dei blå-blå til fornuft. Det hadde vore topp, men kanskje endrar eg meining om nokre dagar.

– Lite ungdomslitteratur i media
På nettsida si har Røssland meldt sin eigne bøker, som ein liten protest mot den manglande interessa han meiner media har for barne- og ungdomslitteratur. Og han held ikkje tilbake – til siste boka trilla han ein seksar.

– Sjølvsagt, det er jo alltid den siste boka som er best! Det er vel tydeleg at dette er mi eiga melding for moro skuld, men det er òg ein slags protest mot at det er svært lite meldingar av barne- og ungdomsbøker i media. Vaksenlitteraturen vert dekka om bøkene er aldri så dårlege, kanskje fordi dei vaksne lesarane er meir kjøpesterke enn dei unge.

Som medlem av Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd les Røssland alle barne- og ungdomsbøker som kjem ut.

– Journalistane ser kanskje ikkje verdien av barne- og ungdomslitteraturen, men eg skulle ønskje dei ville skrive meir om den. Det er utruleg mykje bra som ikkje får noko merksemd, seier han.