Magasinett

Utskrift

Å etablere eit språk med andre menneske

Skrive av Marit Lajord .

– Innstillinga heime var at eg berre måtte lære meg samisk, seier Tuva Svendsen frå Karasjok, som lærte seg samisk som 9-åring.
Tuva Svendsen lærte seg samisk som 9-åring. Her fortel ho om prosessen, språket og identiteten.

 

– Dei nye venene mine snakka til meg på samisk. Ein har eit språk med menneske, og det vart språket mellom oss, seier Tuva Svendsen(18) til Framtida.no. Som 9-åring flytta ho frå Oslo til Karasjok med familien, og lærte seg samisk.

– Innstillinga heime var at eg berre måtte lære meg samisk. Det var utfordrande, men det var nok lettare sidan eg var liten. Og i tillegg til venene, hadde eg gode og positive lærarar.

Seinare har Tuva take eksamen og vorte intervjua på TV på samisk, og det har vorte etablert som språk mellom ho og stadig fleire.

– Folk i bygda har snakka til meg på norsk, då dei trudde eg ikkje kunne språket. Men så har eg svara på samisk. No hender det eg gløymer at folk rundt meg ikkje forstår, til dømes om eg er med samiske vener i Tromsø eller Oslo.

Mattebøker og telefonsamtalar
Tuva starta fyrst i ei norskklasse, etter eit halvt år vart ho med i samiskklasse i fag med mykje prating, som samfunnsfag og naturfag. Etter eit skuleår byrja ho rett i ei samisk 5. klasse.

– Eg hadde mattebok på både samisk og norsk, slik at foreldra mine som ikkje kunne samisk kunne hjelpe meg.

Tuva trur det å vera i lag med folk som snakkar språket, og ikkje berre får det gjennom bøker.

– I starten snakka eg samisk ein halvtime på telefon ein del dagar, slik vart eg ikkje redd for å berre snakke i veg.  

Dei mange orda
Tuva skildrar samisk som eit språk med meir grammatikk enn norsk. Til dømes vert verb bøygd i både tid og person, då både i eintal, total og fleirtal. Preposisjonane går og inn i substantivet. Og orda er mange. Ungdom – nuorra, skule – skuvla, framtida – boahteáigi,bok – girji, draum – niehku, kjærleik – ráhkisvuohta.

– Det er ein del definerande naturord, som korkje eg eller andre unge kan. Så eg lærar framleis nye ord, og det er lettare å prate om avanserte ting på norsk, forklarar Tuva.

Likevel har ho hatt både norsk og samisk som fyrstespråk på skulen.

– Norsk kan faktisk vera vanskelegare der, med at det er meir litteratur- og språkhistorie.

Ikkje tema
På sametingets heimesider heiter det at ”språket er ein viktig kulturberar og identitetsmarkør”, og det med språk og identitet er ofte tema i ordskifta kring det samiske. Vi lurte på kor viktig dette var for Tuva. Ho fortel om samiske røter på morssida, om ei oldemor som den siste i familien før henne som nytta språket i det daglege, og om det samiske som ikkje var eit tema under oppveksten i Oslo.

– Eg berre lærte meg samisk. Det var då eg vart aktiv i AUF, at eg skjønte kva politikk var og slik vart oppteken av urfolks rettar.

– Samisk identitet vert ofte prata om, er ein kvart same eller ein åttandedels same. Eg meiner det er viktig kva ein føler seg som, men samstundes må det gå ei grense ein stad, til dømes i forhold til samemanntalet, avsluttar Tuva Svendsen som sjølv står i manntalet.

Fakta – samisk

- Språk i fisk-ugriske greina av den uralske språkfamilien, i likskap med finsk, estisk og ungarsk.

- I Noreg er dei tre viktigaste dialektane nordsamisk brukt Finnmark og Nord-Troms, lulesamisk brukt i Tysfjord og Hamarøy i Nordland, og sørsamisk brukt sør for Saltfjellet.

- I dag er det om lag 20.000 samisktalande personar i Noreg, storparten av desse talar Nordsamisk.

- Innanfor det samiske forvaltningsområde, som utgjer 10 kommunar i Finnmark, Troms, Nordland og Nord-Trøndelag, er norsk og samisk jamstilte språk. (Kjelder: Store norske  leksikon og Wikipedia)