Magasinett

Utskrift

Arnt Birkedal

Fødd:  1959


Har skrive:  Rundt rekna 25 bøker. Og til neste år har eg halde på med dette å gi ut bøker i 25 år. Den første boka mi kom altså i 1983, det var ei diktsamling som heitte Balladen om hålet i dørå, den nyaste kjem i haust, det er òg ei diktsamling – for unge og vaksne. Den heiter Hytteboka.

Viss eg skal velja dei tre bøkene eg er mest nøgd med nett i dag, vel eg: Dyffel (ungdomsroman) frå 2005, Biblioteket på do (roman for barn), 2002, og den nye, Hytteboka. Men eg er glad i dei alle, ja,  eg er til og med svært kry av dei to aller første bøkene mine, og det er det ikkje alle forfattarar som er.

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Skrivesaker: Kulepenn og kladdebøker utan linjer, og små post-it blokker, og sjølvsagt PC. Eg brukte skrivemaskin svært lenge. Nynorskordboka på 1500 sider er viktig!

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:

Eg gjorde det i mange år. Men slutta omtrent samstundes med at eg blei forfattar på heiltid. Cirka 1997. Eg veit ikkje heilt kvifor. Det kan ha med at orda i songane  forstyrra meg litt. Eg må høyra musikk kvar dag. Men ikkje i kontortida om morgonen. Om kvelden ser eg ofte film utan lyd, eg har på musikk i staden, då kjem det mange gode linjer og ord, det er eit skrivetips, musikk er noko av det viktigaste i livet mitt. Eg er eit pop-rock-folk-køntri menneske, likar gode songar med bra tekstar. Hovudet mitt er fullt av songar, men der er plass til mange fleire.

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer:
Viss du verkelig, verkelig vil –  ja, må – skriva, så skriv og skriv og skriv heile vegen, stopp aldri opp og tenk: Kva skal eg finna på å skriva no? Då blir det null og niks av det.

Ikkje tenk, bare skriv! brukar eg å seia i skrivekursa mine. Og medan du skriv og skriv  og skriv daglig; les, les, les og les – det andre gode forfattarar har skrive. Les Ragnar Hovland og Finn Øglænd og Knut Hamsun og Marit Kaldhol og Rasmus Løland og alle dei som bare du veit om.

Då, viss du verkelig, verkelig vil og må, så kjem du nok
ut på andre sida av alle desse bøkene ein vakker dag, og er blitt ein som skriv – på alvor. Men det er tøft å vera forfattar, på så mange slags vis, det er hardt arbeid og lite pengar, det skal de veta, før de brenn andre bruer og satsar alt. Men viss det verkelig er dette du vil og må, så veit både du og eg; då er du ikkje til å stoppa. Og slik må det vera.