Magasinett

Utskrift

Lars Ove Seljestad

Fødd:  1961


Har skrive: "Blind" Roman 2005, "Bastard" Essay 2006, "Arbeidsløyse som ressurs" Fagbok 1997, og elles noveller, artiklar og kortare tekstar.

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Hjarta, hovudet og dei to peikefingrane mine.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Brukar ikkje musikk aktivt i skrivinga. Vil ha ro, fred, isolasjon og konsentrasjon i skriveperiodar.

Dine gode råd og tips til forfattarspirer:
Skriv det som er viktig for DEG, og gi blaffen i forståsegpåarane og klokingane sine synspunkt på kva som er god og dårleg litteratur, eller kva som, etter deira syn, er interessante eller mindre interessante tema og  skrivemåtar.

Tidene endrar seg, og med det den tidbundne forestillinga om kva som er godt eller dårleg, interessant eller uinteressant. Berre det som spring ut av eit sinn som verkeleg vil noko, eit sinn som verkeleg vågar noko, har potensiale til å bli verkeleg bra. Det viktigaste rådet må difor vera at ein lyttar til seg sjølv, stolar på seg sjølv, trur på seg sjølv, og vågar å risikera seg sjølv i skrivearbeidet. Lykke til med skrivinga!