Magasinett

Utskrift

Helene Uri

Helene Uri. Foto: Nina Kammersten

Fødd: 1964

Har skrive: Romanane De beste blant oss, Engel av nylon, Honningtunger  og Dyp rød 315,  ungdomsromanane Sommeren vi kledde oss nakne (saman med Arne Svingen) og Anna på  fredag, barnebøkene Perler for svin (saman med  Ragnar Aalbu), Dråpen som fikk alt til å skje og Den store faktaboka om språk. Dessutan har eg skrive fleire fagbøker om språk for vaksne.


Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:

Eg har alltid ei lita notisbok i veska der eg noterer ned ting eg trur eg kan bruke. Det kan vere brokkar av samtalar eg høyrer (på bussen t.d.), idear til nye personar, ord eg likar klangen i, sitat frå andre bøker.

Eg les mykje når eg er midt i skriveperiodar; eg har nokre favorittbøker (som eg elskar framfor alt på grunn av språket i dei), og særskilte avsnitt i dei kan eg lese mange, mange gonger. Elles trur eg at eg hadde vore nokså hjelpelaus utan pc-en min ...

Det kjem sjølvsagt an på kva type bok eg held på med, men generelt sett kan eg seie at eg brukar Internett ganske mykje.

For øvrig går det med store mengder rosiner og grøn te.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Nei, det gjer eg aldri!

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer:
Mitt første råd er å lese. Eg veit at dette ikkje er noko særleg originalt råd, men ikkje desto mindre viktig: Les! Og les mykje!

Les og merk deg kva for teknikkar forfattarane brukar. Kva gjer dei for å skapa spenning? Kva gjer dei for å få oss til å lese vidare? Kva gjer dei for å byggje opp truverdige personar?

Mitt andre råd dreier seg om språket: Ikkje ver redd for språket! Ikkje tenk så mykje på kva som er rett og gale, men bruk språket - strekk i det, dra i det, finn på nye ord eller set saman gamle ord og vendingar på ein ny måte.

Det tredje rådet er å lese det du har skrive høgt - anten for nokon du stolar på, eller berre for deg sjølv. Eg plar lese det høgt for katten om det ikkje er nokon andre til stades.

Helene Uri sine heimesider.
Foto: Nina Kammersten