Magasinett

Utskrift

Harald Rosenløw Eeg

Fødd: 1970
Har skrive: 9 romanar, den første heiter "Glasskår" (1995, Tarjei Vesaas' debutantpris). To av dei andre, og mellom dei som er mest lesne er "Vrengt" (1997, fekk Brageprisen) og "Yatzy" (2004,  Brageprisen). Boka i år heiter "Alt annet enn pensum".

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Hovudet og beina. Eg tenkjer best når eg spring eller går. Eg skriv på Mac, har aldri hatt noko anna. Når det gjeld spesielle organ i hovudet, har eg spesielt god bruk for både minnet og fantasien.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Eg skriv alltid til musikk. Anthony and the Johnsons, Air, Beck, Boards of Canada, The Cure, Ljungblut, Thom Yorke og mykje filmmusikk.

Ditt/dine gode råd eller tips til forfattarspirer:

Ikkje sitt på det du skriv. Finn lesarar. Vis det til folk. Få det ut av maskina. Få reaksjonar. Og sug til deg. Kva meistrar du? Kva er du god til? Kva er det som ikkje fungerer?


Forfattaren si heimeside hjå Aschehoug.