Magasinett

Utskrift

Gro Dahle

Nyhus og DahleNamn: Gro Dahle

Fødd: 1962

Har skrive: Fem vinder over Tamalon, en fantasy-roman for ungdom, diverse all-alder-bilde-bøker slik som Sinna Mann, Roy, Snill. Fleire korttekstsamlingar og novellesamlingar slik som Pelsjegerliv, Inflammasjon og Album. Sju diktsamlingar: Blant annet Hundre tusen timer og Regnværsgåter. En voksenroman: Huset i snøen. Masse teater for barn og voksne, operaer for både barn og ungdom, tekst til musikk.

Kva hjelpemiddel har du glede/nytte av som forfattar: Karamellar, harde karamellar.


For det første er det ei slags belønning for at eg set meg ned og jobbar med skriving.


For eg kan ikkje ete karamellar elles, det er berre når eg er flink og igang med tekst.


For det andre så er harde karamellar noko som set seg fast i tennene, og som eg dermed må ha all overflate-merksemd konsentrert om, slik at eg ikkje øydelegg tennene mine og gamle, lause fyllingar eller at karamellane blir sitjande fast. Dette igjen gjer at eg da har den kritiske og sensurerende og negative merksemda mi oppteken slik at eg kan skrive i veg utan å bli plaga av denne misfornøgde ssjølvkritikken.

 

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva: Javisst! Eg bruker musikk som gir meg energi og kraft og lading, slik som Metallica, spesielt albuma Load, Reload og The Black Album, og eg bruker Opeth, då det første albumet deira kor dei blandar svart metall med balladar, trykk med vakre melodiar og kraftfulle gitar-riff. Vivaldis korverk slik som Beatus Vir eller Dxit Dominus gir også stor skrivelyst og energi.

 

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer: Å tørre å vere personleg, å bruke sansane, å vere konkret og hente inn, leggje inn detaljar, heilt konkrete detaljar. Det er det sansbare og dei konkrete detaljane som gir kjøtt til teksten, og det er det personlege som gjer teksten leveade.

 

Tusen smil og vind i håret fra Gro Dahle

 

Foto: Simon Dahle Nyhus