Magasinett

Utskrift

Brit Bildøen

Fødd:  1962
Har skrive: 2 diktsamlingar (Bilde av menn, På visse tider av døgnet). 2 barnebøker (Peder og plystrelyden, Romhunden Odin), 6 romanar (dei siste heiter Landfastlykke, Alt som er og Mitt milde vesen.)

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:  
Først og fremst har eg glede av pc-en min, som heiter Sigmund. Når eg reiser bort for å skrive, tek eg med meg Vesle-Sigmund, som er ein bærbar pc. Men eg likar best å sitje på kontoret heime i huset mitt og skrive. Sjølv om det er midt i Oslo, har eg syrinbuskar og furutre rett utanfor vindauget. Og så har eg glede av bøker. Ein kan ikkje bli ein god forfattar om ein ikkje også er ein god lesar. I hyllene mine har eg masse bøker, og når eg skriv, les eg gjerne litt i dei aller beste bøkene eg veit om, i håp om at den gode kvaliteten skal smitte over på det eg skriv. Det er også fint å snakke masse med forskjellige folk, for folk går rundt og ber på gode historier.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:  
Aller helst vil eg ha det stilt når eg skriv. Men når eg blir trøtt og sløv, og det blir ein jo gjerne når ein sit framfor pc-en, så set eg gjerne på ei plate. Eg høyrer på alt mogeleg, men er glad i kvinnelege songarar, som Kate Bush, Rickie Lee Jones og Joni Mitchell. Jazz er fint, og klassisk. Eg er veldig glad i opera. Det må eg høyre på når eg sit heime og jobbar om dagen, for ingen andre i familien er så veldig begeistra for det.

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer:  
Eit av dei beste råda eg kan gi, er å lese mange bøker og så øve jamnt og trutt på å skrive innimellom. Om ein er fleire som likar å skrive, er det fint å vise kvarandre tekstar og diskutere dei.

Mange veit ikkje heilt kva dei skal skrive om. Når ein er ung har ein kanskje ikkje så mykje erfaring og så mange historier innabords. Men gå ut frå ein kjend situasjon, og spør deg sjølv: Kva er det verste som kan skje? Kva er det beste som kan skje? Sjå, der har du allereie to heilt forskjellige historier!

 
26. januar 2007