Magasinett

Utskrift

Tor Åge Bringsværd

Alder:  1939
Har skrive: Romanar, novellesamlingar, essays, krim, science fiction, barnebøker, skodespel for scene, radio og fjernsyn.

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar: 
Internett og Lett Solo.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva: 
Nei. Aldri. 

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer: 
1.  Skriv enkelt. Bruk vanleg "menneske-språk", ikkje vanskelege framandord og flotte "vaksne" uttrykk som verken du sjølv eller vennene dine har noko personleg forhold til. Ver deg sjølv! Skriv slik som du tenkjer og snakkar, ikkje slik du trur andre vil ha det. Hugs at du er heilt eineståande! Det finst berre ein einaste deg i heile verda!
2.  Ikkje vær redd for å sette punktum og komma. Strø dei ut der kor det er naturleg å stanse eller trekke pusten! Det er slitsamt med setningar som er så lange og kronglete at lesaren gløymer korleis de begynner lenge før han er komen til slutten av dei. Hugs også at pausar er viktige! Det som står mellom linjene – og som lesaren skal tenkje på eiga hand – er like viktig som det som står på dei!
3. Unngå faste uttrykk og vendingar, det vi gjerne kallar flosklar og "klisjear" – alt slikt som eigentleg berre hører heime i sløv pludring og tomprat...
4. Prøv å overraske lesaren! Vi trur at historia ender slik og slik, eller vi er sikre på at den personen er snill og den andre er slem, men så viser det seg plutseleg at alt er omvendt! Ingenting er verre enn historier kor vi skjønner alt saman etter berre å ha lest dei to første setningane. Enda betre: Skriv slik at du overraskar deg sjølv!
5.  Viss ikkje du som skriv synes det er morosamt og spennande, så kan du heller ikkje rekne med at nokon andre vil synes det! Skriv ei historie du sjølv ville likt å lese!

Vennleg helsing frå Tor Åge Bringsværd

Foto: Berit Sandberg