Magasinett

Utskrift

Arne Svingen

Namn: Arne Svingen

Alder: 41

Har skrive: Aktuell bok: Adrians atlas 2. Har ellers skrive ei rekkje bøker i forskjellige sjangrar. Les meir på arnesvingen.no.

Kva hjelpemiddel har du glede/nytte av som forfattar: Internett, oppslagsbøker, ordbøker, prate med menneske, god fantasi.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva: Eg speler musikk heile dagen medan eg jobbar. I dag har eg til dømes spelt J. Tillman, Iron & Wine, John Ivar Bye, Grand Archives og Bruce Springsteen.

Ditt/dine gode råd eller tips til forfattarspirer: Gå for ideen som du sjølv gjerne ville lest, ikkje gjer det du trur andre vil like.