|
||||
| Pantar med store planar |
|
Tibor Barna (41) har panta tomme flasker og boksar i Tromsø i eitt og eit halvt år. Med desse pengane har han dekka husleiga i Noreg. I tillegg har han støtta familien sin i Ungarn. Han har også spart om lag 35.000 kroner, som han har satt i banken. Og dette er berre starten.
- Kor mykje tener du på å samle tomme flasker og boksar? - Ei vanleg natt tener eg om lag 250 kroner. Fredag og laurdag vert det dobbelt så mykje. Det er sein kveld i Tromsø. Tibor Barna er i ferd med å gjere seg klar til ein ny, kald arbeidsnatt. Han har funne fram lue og hanskar. Sykkelen med tilhengar står klar. I kveld er det fredag. I morgon tidleg vil han vere om lag 500 kroner rikare. Mannen fortel at dette er meir lønsamt enn om han hadde hatt ein vanleg jobb i Ungarn. - No har eg nok til å sende pengar til bror min. Det er viktig for utdanninga hans. I tillegg støttar eg mor mi kvar månad. Dessutan har eg spart om lag 35.000 kroner. - Kvar plar du å leite? Eg syklar langs ei fast rute kvar natt. Då leiter eg både langs vegen og i søppelkassane. Når Tibor leiter etter noko som kan pantast, finn han også mykje anna av verdi. Det tek han vare på. - Norsk søppel er luksus! Eg har blant anna fått tak i ein DVD-spelar og cd-ar som virker heilt fint. Kvart døgn finn eg dessutan om lag 30 kroner. Sinte nordmenn - Korleis reagerer folk som ser deg når du er ute på "jakt"? - Dei fleste er vennlege, men det er nokon som vert sinte når eg leitar i søpla.
Mannen hevar augnebryna og snakkar engasjert. - Kanskje dei tenker at du lagar rot? - Men eg knyt posane igjen etter at eg har sett i dei. Og dessutan er jobben min bra for miljøet. Tibor kan vere svært systematisk. Til dømes har han funne ut korleis han kan få flest mogleg tomme boksar inn i ein svart søppelsekk. Han synest det er både praktisk og fint. Stolt visar han fram eit eksempel. Ungararen har studert etnografi og politisk forsking i fleire år. Han synest det er urettferdig at folk blir sinte fordi han samlar søppel. - Dette er berre noko eg gjer medan eg ventar på ein betre jobb. Store planar Tibor har mange planar for framtida. Å lære seg norsk er neste steg. Han har allereie byrja på norsk-kurs. Når han kan språket godt nok, vil han byrje å køyre taxi. Avtalen med ein taxi-sjåfør er allereie klar. - Kva er målet? - Å få ein god jobb, slik at eg kan starte eit firma i Ungarn. Firmaet skal gje arbeid til unge menneske med familie. Det er dyrt å stifte familie i heimlandet mitt. Eg ynskjer å bidra til at fleire har råd til dette. - Har du andre draumar? - Eg har lyst å starte kafear som har innslag av ungarsk kultur. Innslaga skal vere gratis og ha høg kvalitet. Tibor ynskjer å gjere tradisjonell ungarsk kultur meir kjend, både i Tromsø og i heimlandet. Når han snakkar om draumane sine, smilar han håpefullt. Han har store forventningar til framtida. No set flaskesamlaren seg på sykkelen, og tek fatt på ei ny natt langs gatene i Tromsø. I trua på at alt vil flaske seg til slutt.
|


















