Magasinett

Til handboka

Utskrift

Spør politikarane!

Skrive av Svein Olav Langåker .

Tips til aktivitetar i samband med lokalvalet!

 

Skuledebattane er avlyst på grunn av terroråtaket 22. juli, og valkampen blir ikkje heilt den same. Likevel er det fleire saker ein bør kunne ta tak i i undervisinga. Her er nokre aktivitetar ein kan la elevane gjera:

  • “Testa valgomatar! ":http://www.framtida.no/valgomat
  • Prøv sjekklista til Natur og ungdom på lokalpolitikarane!
    Miljøorganisasjonen har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Prøv lista på lokalpolitikarane på ein stand anten på skulen eller nærmaste torg. Her er lista!
  • Del klassen inn i grupper, la kvar gruppe velja seg eit aktuelt tema (t.d. kommunesamanslåing, skuleoppussing, miljø, busstransport m.m.) og la dei spørja partia om kva dei meiner om saka. Ta gjerne kontakt med lokalavisa di eller Framtida.no for å presentera resultata!

Har de idear til andre aktivitetar, er det berre til å dela dei i kommentarfeltet!