Magasinett

Til handboka

Utskrift

Bruk Framtida.no i samfunnsfag III

Skrive av Svein Olav Langåker .

Sjå oppgåver til kompetansemåla om kultur i samfunnsfag VG2!

 

KOMPETANSEMÅL:
• drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette.

Både i kommentarfelt og på fleire bloggar kan ein lesa hatefulle ytringar basert på fordommar og rasisme. Kva trur du skal til for at færre skal oppleva hatefulle ytringar? Kva trur du skal til for å mobilisera fleire til å ta til motmæle mot hatefulle ytringar?
Les desse artiklane:
http://framtida.no/articles/ma-svara-nar-menneskeverd-blir-krenkt
“http://framtida.no/articles/nettaktivistar-mot-rasisme ":http://framtida.no/articles/nettaktivistar-mot-rasisme

Noreg og Finland er minst tolerante mot minoritetar, ifølgje ei undersøking av OECD.
Les desse artiklane:
http://framtida.no/articles/minst-tolerant-i-nord-europa
http://framtida.no/articles/tragedien-og-rasismen
Skriv eit blogginnlegg der du drøfter årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår.

KOMPETANSEMÅL:
• diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar.

Diskuter korleis innvandring kan skapa utfordringar og moglegheiter for velferdsstaten – og kva ein gjera for å inkludera fleire innvandrargrupper i arbeidslivet. Les gjerne: http://www.framtida.no/articles/innvandrarar-i-trygdefella

Dei nordiske landa er blant landa i verda der ein har størst tillit til kvarandre. Dette er med på å gjera oss lukkelegare og er eit viktig fundament for velferdsstaten.
Les t.d.
http://framtida.no/articles/her-kan-det-ikkje-vera-noko-gi-og-ta
http://framtida.no/articles/sosiale-nettverk-forst-oppdaga-i-noreg
eller http://framtida.no/articles/meir-tillit-og-engasjement-etter-22-7
Diskuter kva som påverkar tilliten i samfunnet.