Magasinett

Til handboka

Utskrift

Lag nye språk

Skrive av Bente Kjos-Wenjum .


I diktet kan ein sleppe seg ut i dei innfall ein måtte få, ifølgje Per Olav Kaldestad.  – Ein kan hoppe, danse, syngje, vere alvorleg, munter, frekk, blid, sur, stille, bråkete – og finn ein ingen ord ein har høyrt før, kan ein lage nye ord etter som det passar.


Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk» vart halden i Volda våren 2007. Professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Maria Parr og Per Olav Kaldestad snakka om kor bra det er å lese, om å vera med i forfattarklubben, om strenge norsklærarar, fryktlaus fantasi og om god nynorsk litteratur.

 

Eg lagar meg eit nytt språk   
og skriv eit dikt
   
  
Marama higo famas    
sepungo dilma fei,    
lakama resolamas    
e girgo savakei.    
      
Le pumo idan sovi    
gerigo salvadon?    
Ritale sibur dovi    
kapunga dilma gon.   

 

Ragnar Hovland, henta frå boka Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996)

 

- Å skrive dikt er å setje tankane fri – og å samle dei igjen.
 
Per Olav Kaldestad var ein av forfattarane som var invitert til Volda for å vera med å blåse liv i norskfaget, og han sa at born har stor språkskapande evne, og at denne evna kan stimulerast og utviklast i møtet med det gode diktet – eller rettare: med heile spekteret av gode dikt.

Han rår lærarane til å ta med sine eigne favorittar inn i klasserommet. På den måten vert det kjekkare å undervise, du vert meir engasjert og motivasjonen vil spreie seg.

Heilt sidan Inger Hagerup i 1950 gav ut si fyrste diktbok for born, har me hatt ein sterk poesi her til lands som talar rett ut og rett fram til barnet, seier Kaldestad. 

- Særleg dei siste 30 åra har det komme ei rekkje gode diktarar inn i dette feltet, og dei fleste av dei skriv nynorsk:  Einar Økland, Arnljot Eggen, Hans Sande, Oskar Stein Bjørlykke, Marit Tusvik, Ragnar Hovland, Eva Jensen, Helge Torvund, Arnt Birkedal, Finn Øglænd og Mary Bente Bringslid, for å nemne nokre av dei viktigaste.

Foto av Kaldestad: Bente Kjos-Wenjum
10. mai 2007