Magasinett

Til handboka

Utskrift

Haldningar til nynorsken betyr mest

Skrive av Redaksjonen .

Lærarar må ha ei positiv haldning til nynorsken for å sikre god læring, meiner lærarane Pål Wiik og Torill Tørjesen som har jobba med prosjektet "Sidemålsløftet" på Holmlia skole i Oslo sidan 2005.


- Negative haldningar til nynorsken kjem til uttrykk sjølv om ikkje lærarane seier det høgt. Er lærarane negativt innstilte får dei heller ikkje elvane med seg.
 

Det var noko av bodskapen frå Holmlia-lærarane til deltakarane på den nasjonale lesekonferansen Koz me txt som Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger arrangerte i januar.

Nynorsk til våren

Wiik og Tørjesen nemner eksempelvis det å utsetje all nynorsken til 10. klasse, eller å undervise i nynorsk i ein bolk haust og vår som døme på ein mindre positiv haldning til faget. Røynslene deira frå prosjektet Sidemålsløftet er at ein heilskapleg tankegang om norskfaget tener læringa best.

I praksis tyder alt dette at lærarane ved Holmlia utvidar arenaen for nynorsken til å gjelde fleire fag enn norskfaget. Dei bruker mellom anna nynorsk som tavlespråk i fleire fag. I det tidlegare KRL-faget har dei  i fleire år kjøpt inn bøkene på nynorsk og nytta nynorsk på tavla, i prøver og anna skriftleg arbeid.

Meir enn vakkert

I tillegg til at haldningane til språket og undervisningsmetodane må endrast, meiner dei og at lærarutdanninga må bli betre på nynorskopplæring. Som eit godt døme på korleis det kan gjerast, viser dei til Høgskolen i Oslo kor lærarstudentane må levere alle oppgåvene sine på nynorsk det første året.

- Norsk er både bokmål og sidemål, og båe målformene er likestilte i Kunnskapsløftet, minner Torill Tørjesen om.
 

Nynorsk er vakkert i skjønnlitteratur, men det kan brukast til meir. Ein må veksle mellom ulike sjangrar, leike og gjere undervisninga spennande, meiner dei.

- Gjennom å bruke eit læreverk på nynorsk, slik vi gjer i KRL, får elevane nynorsken med seg gratis.