Utskrift

Ny LNU-nettside

Skrive av Redaksjonen .

Landslaget for norskundervisning (LNU) publiserte den nye nettsida si i slutten av august. På denne sida har dei mellom anna oppretta ein blogg.

I samband med stortingsvalet blei kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) og Trine Skei Grande (V) for opposisjonen utfordra på denne bloggen.

Spørsmåla dei blei konfronterte med er kva som må gjerast for at norsklæraren skal få bruka tida si meir konstruktivt og kva som må gjerast for å behalda flinke og høgt utdanna norsklærarar i skulen.

Du kan nå følgja LNU på Facebook og Twitter for å få med deg informasjon om LNU sine kurs, konferansar, bøker og publikasjonar. Opplysningar om desse arrangementa finst også på den nye nettsida.

Den nye LNU-nettsida kan elles visa til nyttige lenker for norsklærarar, og på sida ligg det utdrag frå medlemsbladet Norsklæreren.

 

norskundervisning.no