Magasinett

Til handboka

Utskrift

Er datakompetansen for svak i norsk grunnskule?

Skrive av Redaksjonen .

Nye forskningsresultat frå kartlegginga ITU Monitor 2009 viser at elevane i grunnskulen bruker mindre tid på data enn for to år sidan.

I følge Vibeke Kløvstad, prosjektleiar for ITU ved Universitetet i Oslo, er det fleire grunnar til å vere uroa:

– Elevane lærer mindre i  faga, og vi risikerer at ein stor del av elevane står utan basiskompetanse i digitale kunnskapar når dei kjem på vidaregåande. Desse elevane får ein unødig tøff overgang til vidaregåande, for der skal dei bruke datamaskina i oppgåveløysing. Vi ser også at mangelfulle digitale kunnskapar bidrar til å forsterke sosiale skjeivhetar mellom dei som har og ikkje har datamaskin heime.

ITU Monitor har undersøkt den digitale kompetansen til elevar og lærarar ved å se på bruk av og haldningar til IKT hos elevar, lærarar og skuleleiarar i grunnskulen og på vidaregåande.

Verst i niande

I eit tilsvarande kartleggingsstudium i 2007 viste ITU Monitor at grunnskulen lå langt etter videregåande skule. Årets undersøking viser at avstanden bare har økt. Aller verst står det til på niande skuletrinn, både blant elevar og lærarar. Bare to av ti elevar i niande klasse bruker datamaskina meir enn fire timar i veka.

ITU Monitor 2009 viser at einsidig satsing på PC-dekning i skulen ikkje er nok. Det er lærarene sin kompetanse og arbeidsmønsteret deira, samt usystematisk skuleleiing som er flaskehalsen i norsk grunnskule i dag.

– Det rammar elevane, og kanskje særleg den gruppa med elevar som har størst behov. Dei elevane som har datamaskiner heime og foreldre som kan vere med å rettleie dei oppnår store fordelar. Det blir skapt sosiale skille som skulen er med på å forsterke i staden for å motverke. Digital kompetanse er ein basiskunnskap på linje med lesing og rekning og er noko alle elevar skal utvikle allereie i grunnskulen, peiker Kløvstad på.

Lite IKT i undervisninga

Medan lærarane gjennomgåande er blitt stadig betre på å bruke datamaskina i administrasjon og planlegging av undervisninga, gjenstår det mykje før IKT er ein integrert del av undervisninga i norsk grunnskule, viser ITU sitt studium:

Mange mattelærarar fører elevlogg og karakterar i programmet Excel. Langt færre lar elevane bruke Excel når dei skal lære prosentrekning eller statistikk.

Utviklingstakten innanfor IKT-området går raskt, og digitale kunnskapar er ei forutsetning i informasjonssamfunnet. 

Den erkjenninga ligg til grunn for både Kunnskapsløftet og læreplanane i Norge, som er blant dei mest ambisiøse i verda: IKT skal brukast i alle fag på og på alle trinn. ITU si kartlegging viser at norsk grunnskule har ein lang veg å gå før desse måla er realiserte.

FAKTA: ITU Monitor er er ei måling av digital kompetanse i skulen, og viser samanhengar mellom mål i Kunnskapsløftet, bruk av digitale verktøy og elevar sine kunnskapar. ITU er eit forskings- og kompetansenettverk for it i utdanning.