Magasinett

Til handboka

Utskrift

Vil motivere barna

Skrive av Toyni Tobekk .

Designstudent Nina Lysbakken har tankar om ein digital plattform som kan gje skulebarn ei skikkeleg oversikt over eigen styrke, læring og framgang.

– Eg har tilbragt ein del tid saman med åttandeklasssingar og fått innsyn i kva læringsbehov dei har. Det har gitt meg mulegheit til å forstå deira læringssituasjon, kva utfordringar dei har, og eg har utvikla eit forslag til korleis dei kan få betre grep om eiga læring.

Lysbakken er no inne i 2. året som masterstudent i design ved Kunsthøgskolen i Bergen og jobbar med spesialisering innan visuell kommunikasjon. Masteroppgåva hennar skal vise korleis visuelle løysingar kan bidra til at barn blir meir motiverte til å lære.

Dele læring

Eit ikkje heilt begripelig konsept sånn med ein gong, men Lysbakken forklarar at ho har utforma ei nettside som skal hjelpe elevar med å systematisere læringsprosessen sin. Nettsida vil ha ein individuell profil som handlar om den einskilde eleven sine kvalitetar og læringsprosessar. Her skal eleven kunne setje sine eigne interesser og eigenskapar i system og såleis få ei handfast oversikt over si eiga læring. Samstundes vil nettstaden og vere ein sosial arena for deling av læring.
– Dette vil ikkje bli eit e–læringsverktøy, men meir ein visualisering av eigen framgang. Det vil handle om bevisstgjering av gode sider hjå den einskilde, forklarar Lysbakken.

Interesser viktig

Det å fokusere på interesser like så vel som eigenskapar er og viktig i ein læringsprosess, meiner ho.  Ein kan tenkje seg at ein fotballengasjert elev kan bruke fotballinteressa til å lære metodar som og kan brukast i andre formar for læring.
– Eg las nettopp om kunnskapsminister Kristin Halvorsen som meiner samfunnet no må ha fokus på å bruke det elevane er flinke til for å utvikle skulen vidare, seier Nina Lysbakken. – Eg har fått lov til å ha elevar i fokus i to år og trur eg har funne løysingar til somme av utfordringane barna står overfor.

Har kunnskapen

Førebels er dette berre tankar i eit prosjekt som skal munne ut i ei masteroppgåve Nina Lysbakken skal levere i vår. Og eit ekte nettverktøy har ho ikkje.
– Eg jobbar no med struktur, innhald og utforming, men eg har ikkje drive med teknologi og programmering, seier ho.

Kva av dette som kan bli sett ut i praksis etter at ho er ferdig med studia, gjenstår derfor å sjå. Aschehoug forlag har vist interesse for oppgåva hennar, utan at ho kan seie kva konkret som kan kome ut av det.
–  Eg har tenkt ut eit stort system, men har berre designa ein liten del av det, seier designstudenten.
Og om det ikkje skulle kome ei reell teneste ut av prosjektet, så meiner Lysbakken ho sit på mykje kunnskap som kan kome både elevar og lærarar til gode i framtida.