Magasinett

Til handboka

Utskrift

Det handlar om å dele

Skrive av Toyni Tobekk .

Nettside

På Jåttå videregående skole i Stavanger jobbar lærar Frode Brueland med ein skuleWiki som skal gjere livet lettare for både lærarar og elevar.

Ein wiki er ein brukarstyrt nettstad som er i kontinuerleg utvikling, forklarar Brueland. Den næraste samanlikninga er Wikipedia, det digitale oppslagsverket som alle kan vere med å redigere.

På Jåttå fyller dei wikien med fagstoff som kan brukast av både vaksne og ungdommar, og Brueland opplever at skulewikien blir meir brukt enn læringsplattforma It's learning.

- Fordelen med ein wiki er at materialet blir liggande der heile tida. Det forsvinn ikkje når ein klasse sluttar, slik det gjer på It's learning.

- Kven er det som lagar wikien dykkar?

- Vi er tre lærarar som har jobba med dette i eitt år no. Så langt har vi fått lagt ut studieførebuande VG2 og VG3 sitt fagstoff.

Og meir er på veg. Norsklæraren, som også har IKT-pedagogansvar, seier ein annan fordel med ein wiki er at den er enkel å redigere og fylle på.

- Verktøy av denne typen gjer det enkelt å dele tekst og bilde mellom mange og gjer at vi kan samarbeide meir effektivt.

Elevane lagar også sine eigne wikiar, men dei er ikkje gjenstand for same kvalitetssikring som skulewikien.

- Alle lærarane er ikkje involverte?

- Nei, det er nok slik at ikkje alle kjenner at dei kan med dette. Men det er ein fin måte å heve ikt-kompetansen sin på, så eg vil gjerne tilrå det, seier Frode Brueland ved Jåttå videregående skule.

Ei ny undersøking viser at ni av 10 lærarar er interesserte i å bruke digitale læremiddel i undervisninga. Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Den norske Forleggerforening, Elevorganisasjonen, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Utdanningsforbundet. Her kjem det fram at lærarane ser digitale læremiddel som eit tillegg til lærebøker, og at dei færraste trur lærebøker vil bli heilt digitale i framtida.

Til wikien: http://norskjaattaa.wikispaces.com/