Magasinett

Til handboka

Utskrift

Ønskjer felles nordisk lærarutdanning

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Nordisk ministerråd trur at eit Nordic Master-program for lærarstudentar vil styrkje lærarutdanninga i dei nordiske landa.

Bakgrunnen for ministerrådet si tru på eit felles master-program er ein rapport dei har fått utarbeidd ved hjelp av Danmarks Evalueringsinstitut.
Ein annan konklusjon ministerrådet har kome fram til er at ei slik felles lærarutdanning også vil vere ei viktig eksportvare på ein veksande utdanningsmarknad.
- Eg synest tanken om ei felles nordisk lærarutdanning, som motpol til den svært nasjonalt forankra lærarutdanninga vi har i dag, er spennande, seier forfattaren bak rapporten, Ellen Silleborg frå Danmarks Evalueringsinstitut.
- Tenk om ein nordisk master kunne ruste lærarar til å reise ut i verda, men med ein nordisk ballast i bagasjen. Det ville vere ein stor gevinst, held ho fram.
Forskjellane i oppbygginga av lærarutdanningane i Norden skapar litt problem med å lage ei felles overbygning. Samtidig peikar rapporten på fleire mulege modellar for å kombinere og supplere dei eksisterande utdanningane.
Ikkje minst innanfor faga naturfag, pedagogikk og spesialundervisning er det eit stort potensial, ifølgje rapporten.
Ministerrådet står allereie bak fleire Nordic Master-program som samlar og utnyttar ekspertisen frå institusjonar i tre land. Desse master-porgramma spenner frå religionssosiologi til naturvitskaplege fag.