Magasinett

Til handboka

Utskrift

Ungdom skal hjelpa ungdom med pengar

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Elevar

Stadig fleire unge opplever å hamne i den såkalla ”Luksusfella”. Nå skal ungdommar ved Bjørnholt skole i Oslo utvikla eit undervisningsopplegg som skal gjere unge meir bevisste på kva dei bruker pengane sine på.

Denne veka signerte representantar frå Bjørnholt skole, Husbanken, Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) og NAV ei samarbeidsavtale for å sikre utviklinga av dette undervisningsopplegget. Målet er å lage eit opplegg som skal hjelpe unge å sjå samanhengen mellom privatøkonomiske val og bustadetablering i framtida.

SjefarDet er ungdommar sjølv som skal vidareutvikle ein reknemodell, som er laga av Edle Holt i Husbanken. Resultatet kan bli eit dataspel, eit tv-program, eit rollespel eller eit opplegg som har element av alt dette i seg.

Elevbedrifta Ung Investering UB ved Bjørnholt skole arrangerer i juni ei samling der fleire hundre ungdommar frå utvalde skular skal jobbe med ideutvikling i samband med prosjektet. Målet for samlinga er at gruppa med den beste ideen får delta aktivt når det elektroniske undervisningsopplegget skal utviklast.

- Ved å involvere elevar sikrar vi treffsikkerheita og aukar sjansen for at vi lager eit produkt skulane vil ta i bruk. Målet er at det skal skje ved skulestart i 2012, seier Paul Chr. Hansen i ei pressemelding. Han er ansvarleg for prosjektet ved Bjørnholt skole.

I ei undersøking Norstat utførte for FNO før jul kom det fram at 10 prosent av dei under 30 år seier at dei av og til, eller oftare, ikkje klarer å betale rekningar i tide.

- For å sikre at færrast muleg fell utanfor den ordinære bustadmarknaden, må dei unge gjerast meir bevisste på korleis ulike val påverkar økonomien deira i framtida, meiner Edle Holt i Husbanken.

Nye Bjørnholt skole i Oslo sto ferdig i 2007, og er den første 8-13-skulen i landet i nyare tid.