Magasinett

Til handboka

Utskrift

Lesekonferanse i Stavanger

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Tre

Temaet for den nasjonale konferansen om lesing er i år om overgangen mellom barnehage og skule.

Konferansen skal vere i Stavanger 28. og 29. mars, og er for lærarar, førskulelærarar, spesialpedagogar, lærarutdannarar og skuleleiarar. 400 delegatar har allereie meldt seg på konferansen.

Det er fleire fagfolk som skal halde foredrag under konferansen, mellom anna: Stefan Samuelson, som er professor i pedagogikk ved Universitetet i Linköping og professor II ved Lesesenteret. Samuelson skal snakke om tidlege teikn på lese- og skrivevanskar.

Pofessor i norsk ved Skrivesenteret på Høgskolen i Sør-Trøndelag, Synnøve Matre, skal forelese om skriveutvikling frå tidleg alder.

Jørgen Frost, professor i spesialpedagogikk ved Universitete i Oslo, skal fokusere på tidleg leseutvikling og lesevegleiing i sitt foredrag.

Vidare skal Bente Hagtvedt, Anne Håland, Trude Hoel og Mimi Bjerkestrand snakka om språkvanskar og kartleggjing, språkstimulering og overføring av kunnskap frå barnehage til skule.

Les meir om konferansen her.