Magasinett

Til handboka

Utskrift

Framtida.no og Magasinett på konferanse

Skrive av Svein Olav Langåker .

Framtida.no og Magasinett vil fortelja om korleis du kan gjera nynorsktimane meir aktuelle på konferansen «Norskfaget i endring?».

 

2013 er på mange måtar eit merkeår for norskfaget. Læreplanen for norskfaget har vore gjennom ei omfattande høyring, og er revidert. Korleis ser framtida for faget ut? Det er også Aasen-jubileum, språkår og stemmerettsjubileum. Tone Selboe, Ottar Grepstad, Ove Eide, Magnhild Bruheim, Jens Kjeldsen med fleire kjem til konferansen i Oslo 23. og 24. september.
Målgruppa er norsklærarar på ungdomssteget, vidaregåande skule og andre interesserte. Språkrådet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Utdanningsforbundet er arrangørar.

Frå programmet:
Måndag 23. september, kl. 10.00-16.00
• Revidert læreplan for norskfaget – utfordringar og mulegheiter, Ove Eide, Språkrådet
• Historia om Ivar Aasen – etter 2013, Ottar Grepstad, Nynorsk kultursentrum
• Moderne nynorskundervisning, Torgeir Dimmen, Nynorsksenteret
• Aktuell nynorsk litteratur for skulen, Janne K. Støylen, Nynorsksenteret
• 200 år etter: Hvorfor Camilla Collett i dag? Tone Selboe, UiO
• Dialektundervisning i dag. Unn Røyneland, UiO

Tysdag 24. september, kl. 09.00-15.00
• Litterær opning. Magnhild Bruheim, forfattar
• Jon Fosse – poet på Guds jord, Cecilie N. Seiness, journalist
• Fra agora til Internett – om retorikk i bilde- og mediesamfunnet, Jens Kjeldsen, UiB
• Dansk er kult på nynorsk, Øystein Rosse, omsetjar av Lene Kaaberbøl sine bøker for ungdom
• Hysj! Eg les! Om spenningslitteratur for ungdom, Lars Mæhle, forfattar
• Med fokus på skriving og norsk skriftleg, Ingrid Metliaas, Skrivesenteret
• Parallelle sesjonar:
A) Skriving på ungdomssteget, Mette Haustreis, Kippermoen ungdomsskule
B) Skriving i vidaregåande skule, Ingrid Metliaas, Skrivesenteret
Les meir på Utdanningsforbundet sine sider!