Magasinett

Utskrift

Svarte Mathilda III: Mørk mystikk

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Foto: Samlaget

Boka er full av spenning, dramatikk og grøssande scener. Språket er levande og historia engasjerer lesaren frå første side.

 

Svarte Mathilda III
Tor Arve Røssland
Samlaget 2013

Dette er den tredje boka om mysteriet  Svarte Mathilda som vandrar frå spegel til spegel. Røssland speler på det gamle segnet om Svarte Mathilda som falt i koma framfor ein spegel, som vart erklært død og levande gravlagt. Segnet fortel at Svarte Mathilda kan manast fram dersom nokon seier namnet hennar sju, eller somme gonger  tre, gonger. Svarte Mathilda er fri til å gå rundt i den verkelege verda heilt fram til den som mana henne fram blir drepen, då forsvinn ho inn i spegelen igjen. Vandrehistoria om Svarte Mathilda liknar segnet om Bloody Mary som mange kjenner frå før.

Mange har blitt fengsla av møtet med Svarte Mathilda i bøkene til Røssland, første boka vart også nominert til Uprisen i 2010. I den tredje boka møter me Elisabeth og Gry som drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? I boka møter me også Gallo-brørne som byrjar med spegelproduksjon på 1500-talet. Lite visste dei at dei blir reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og Bergen slik me kjenner byen i dag. Parallellhistoriene er truverdige og gir ein ekstrak dimensjon til  den mystiske handlinga.

Det heile viser seg å vere eit spindelvev av mørke urkrefter og ondskap der lesaren til slutt får vite starten på den mørke forteljinga.

Boka er full av spenning, dramatikk og grøssande scener. Språket er levande og historia engasjerer lesaren frå første side. Trass i alt det mørke, dystre og dei ondskapsfulle handlingane som blir skildra, er det likevel eit levande håp om at det gode skal vinne. Må Elisabeth ofre sitt eige liv for at Svarte Mathilda skal forsvinne inn i spegelen igjen?

Det er lett å leve seg inn i den spanande dramatikken, og historia hadde truleg passa godt som film-materiale.  I god dialog med den opphavlege vandrehistoria blir ikkje alt avslørt i denne boka heller, sjølv om mykje av mystikken blir forklart, kjem nye og uavklarte spørsmål fram.

Boka passar best for dei som er frå og med 11 år gamle.


LES OGSÅ: Svarte-Røssland og spøkelsa hans