Magasinett

Utskrift

Nesten, berre nesten

Skrive av Hjørdis-Linnea Myhre .

Foto: Benedikte Skarvik/Samlaget og omslag

Går det an å vere forelska i den suraste på heile skulen?

 

Harald Nortun
Nesten saman
Dikt
Samlaget
80 sider

Nesten saman er ei diktsamling som handlar om ung forelsking. Eg-et i boka er forelska i eit «du» som går i ein annan klasse på den same skulen. Dei tek same buss kvar dag, og eg-et kikar i skjul på du-et. Boka opnar vart, med eg-et som sit på bussen og kiker på du-et og drøymer: «Eg ser deg. / Du veit det sikkert ikkje. / Men eg ser deg / og kjenner deg igjen / på hundre meters avstand / midt på skuleplassen full av folk. / Du fyller tankane mine / med blodraude og lillafiolette sommarfuglar / som stig og søkk / og leiker og kiler.»

Nesten saman er den første diktsamlinga til Harald Nortun, som tidlegare har skrive to ungdomsromanar på bokmål. No har han bytt både sjanger og målform, og gir ut si første diktsamling på nynorsk. Dikta ber preg av å vere skrivne av ein prosaforfattar. Dei er narrative, og viser ei historisk utvikling. Nokre få av dikta kan lesast åleine, men dei fleste vil nok miste meining dersom ein tek dei ut av samanhengen.

Det er lite vi får vite både om «eg» og «du». Kven dei er, kor gamle dei er, korleis dei ser ut, eller kor dei bur – det veit vi lite om. Eg lurte ei stund til og med på kvar for kjønn dei har (kunne det vere ein tematikk her? tenkte eg). Det gjer noko med lesinga å vite så lite om personane det handlar om – det blir rett og slett vanskelegare å relatere til teksten når karakterane blir så vage.

Ofte er det i dei små detaljane at ei personskildring trår fram og gir truverdige glimt av kven dei er. I Nesten saman er det lite av slike kvardagslege detaljar – vi blir overlatne til å forstå personane gjennom handling, dialogar og tankar. Når det blir ei distanse til desse, som eg synest det blir her, sit eg att utan å oppleve nærleik til personane. Men er det ikkje ein slik nærleik som kjenneteiknar diktsjangeren?

Det visar seg at dei to personane kjenner kvarandre betre enn vi først skulle tru. Men det er noko uforståeleg over kommunikasjonen mellom dei to, dialogen er merkeleg nær og direkte, med eit humoristisk anslag. Det står i sterk kontrast til draumane, lengselen og varleiken vi opplevde i byrjinga: «Veit du ikkje kor du bur? / Ikkje alltid, seier eg. / Du ler og seier: / Håper du finn ut kor du bur / før middagen blir kald!».

Språket er prega av korte setningar og mange repetisjonar. Eg set ofte pris på eit gjentakande språk, men her synest sjølv eg at dei blir for mange. Dei blir som ein slags bremser, som sirup ein heng seg fast i: «Vere einsam / vere saman / vere einsam. / Vere ein / saman / med deg. / Vere to / saman / med deg.» Og såleis held det fram.

Det finst òg nokre fine bilete i Nesten saman: «Du fyller kroppen min med danseflygande dagpåfuglauge / som stryk vengene sine mot huda mi / innanfrå / kvar gong eg ser deg.» Om vi kom tettare på personane, og bilete som dette var hyppigare, kunne eg fått eit betre inntrykk av boka. Men eg sit att med ei kjensle av å ha lese ein slags humoristisk-triste dikt om ungdomskjærleik, som blir verande distanserte, og derfor berre nesten seier noko viktig.