Magasinett

Utskrift

Ein midtsommardraum

Skrive av Åshild A. Sandvin .

Geir Olav Jørgensen skriv om rus i si nye bok. Foto: Cappelen Damm

Kor høgt er høgare enn sola? Geir Olav Jørgensen kjem rimeleg høgt i sin fjerde roman, Høgare enn sola.

Roman: Høgare enn sola

Forfattar: Geir Olav Jørgensen

Forlag: Cappelen Damm

Utgjeve: 2013

Forteljaren har nyleg vendt heim etter ei lang reise. Med seg har han Elliot og Aaron: ein amerikanar og ein israelar han har vorte kjende med i Amsterdam. Dei tre ungdomane har planar om ein heftig (les: høg) sommar, og slår seg ned i eit gamalt hus i skogen utanfor forteljaren sin heimstad, ein ikkje namngitt industristad på Vestlandet.

Sentralt i forteljinga står nokre dionysiske dagar sommaren 1997. Forteljaren, som no er vaksen, ser tilbake på denne sommaren, og kva den har hatt å seie for han som person og livet hans vidare. Lesaren vert teken med på tripp og ein følgjer forteljaren frå “sinnet (vert) komisk”.

Forfattaren satsar høgt, han brukar store bilete og går djupt inn i universelle tema som smerte, tilhøyrsle og korleis det er å vere levande. 

[D]et å vere levande […] er noko som bygger seg opp, der vi kjem gåande langs stien, gåande oppetter berget. Idet vi når toppen, har vi begynt å flyge, og smilet som vi hadde på innsida, kjem fløymande ut av os. Vi kjem flygande over landskapet, og reisande stilt gjennom kosmos. Reisande gjennom vårt eige djup.

Filosoferinga over livet, heimstaden og verda er ein vel så viktig del av boka som kva som går føre seg når ungdomane tek MDMA og LSD. Samstundes er forteljaren sine refleksjonar i stor grad påverka av dei erfaringar han gjer seg med drogene. Språket er knytt opp til det tematiske – når han vert høg vert forteljaren eitt med naturen: ”Eg var universet”, ”pupillen har månen i seg” og ungdomane ”har sola sitt grunnstoff på innsida […], det kjem skinande ut av skallande [deira].” Som lesar let eg meg fascinere av dei draumeaktige skildringane og synest at det er her boka er på sitt sterkaste.

Boka er ingen fortalar for droger, lesaren vert tilmed åtvara: ”Pass deg for LSD!” Kven åtvaringa er retta mot er heller uklårt. Til sist i boka møter me forteljaren i notida. Etter fleire reiser har han enno ein gong vendt tilbake til heimstaden og lever no eit stabilt og kjærleiksfylt familieliv. Er det den 12 år gamle sonen sin han vil åtvare? Eller er forteljinga ein del av ein personleg prosess med å komme forbi det som hende?

Kvinna skin som ei leiestjerne for forteljaren gjennom heile boka, som eit symbol på tilhøyrsle hos forteljaren. Diverre ber ho for mykje preg av å vere ei sjølvstendig historie i staden for å tene heilskapen i boka. Boka er ein freistnad på å formidle noko som ”ikkje kan forteljast,” og i avslutninga kan me kan lese at nedturen ”blei vanskeleg å hente fram igjen.” Kanskje skulle historia gått djupare. Som ho er no scorar ikkje Jørgensen høgt nok hos denne meldaren.