Magasinett

Utskrift

Elden vert sterkare jo meir du les

Skrive av Emilie Hidle .

Aina Basso har hausta fleire gjeve prisar for si siste bok. Foto: Samlaget

Inn i elden har ei stigande spenningskurve, med eit nesten i overkant detaljrikt språk om hekseprosessar.

Tittel: Inn i elden

Forfattar: Aina Basso

Forlag: Samlaget

Utgitt: 2012

Sidetal: 222

Prisar: Brage-prisen (2012), Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris (2013)

Inn i elden handlar om livet til Dorothe og Elen i 1600-talets Finnmark. Det hundreåret blei over 80 trollkvinner dømde til døden i vårt nordlegaste fylke. I boka får me vete korleis dei to jentene opplever dette.

Dorothe er ei rikmannsdotter frå København som blir gifta bort og reiser til Vardø for å leve der saman med mannen sin. Elen lever i ein fattig familie i Finnmark, saman med mor si, som er ei veldig «klok kone», og vetlebror sin, Sanktominus.

I opninga får me treffa desse to ulike personane, og gjennom boka får lesaren oppleva korleis livet deira til slutt møtest.

Språket i boka er ekstremt bra, med mykje detaljer, men eg må innrømma nokre detaljar trengte eg ikkje å vete…

Denne boka må eg òg seia er original. Eg har ikkje lese nokon bøker som denne. Synet mitt på satan og hekser er annleis enn det var før eg las boka.

Det er ikkje mykje spenning i byrjinga. Når du byrjar å lese er det viktig å forstå at det er to personar boka handlar om, og at historia vekslar mellom dei. Dette forvirra meg i starten. Når du kjem midtvegs er du vand med det, spenninga stig og du blir oppslukt.

Avsluttinga var både uventa og forventa. Slutten var ein sånn slutt som eg blir litt sur på, for eg veit det er over og eg vil eigentleg ha meir enn det gav meg.

Forfattar og historikar Aina Basso har lukkast med boka, som er hennar tredje. Ho har brukt historia frå 1600-talet i Finnmark strålande til å skape eit uforgløymeleg eventyr!

Boka tilrår eg for personar over 13 år. Ho fungerer like bra for vaksne som ungdommar. Likar du historie frå gamle dagar så er denne boka perfekt!