Magasinett

Utskrift

Sommaren januar 2014

Skrive av Mette Karlsvik .

 Foto: Ph. Grillot / Flickr / CC BY-SA 2.0-lisens

De skal lese denne boka, de som har romantiske anlegg. De skal lese henne, også de som ikkje har det, de med hang til det meir sobre.

 

Margerite Duras
Sommeren 1980
Forlaget Arena
132 sider

Lågtrykk passerer England, Shetland og kjem vidare nordover: Vest for Hestskjæret legg det seg til ro. Trykker mot havet. Lagar stormflo innanfor Hestskjæret. Han er sterk på land, mumlar Johan, og tuslar ned frå tua, minner meg brått om Mummipappa. Han lyar etter vêret, ventar på stormen, ønskjer seg storm. Ønskjer at dramatikken skal vere der ute, at det romantiske anlegget hans ikkje berre er noko i han, men også der ute, i alt stort, i verda.

Himmelen bak skjæret er mørk og melankolsk – som Mummi, ville eg ha skrive for tiåringar. Ein veks ikkje frå Mummibøker, det er ikkje difor eg skriv om Duras – Margerite Duras, den franske forfattaren og tenkaren. De skal lese denne boka, de som har romantiske anlegg. De skal lese henne, også de som ikkje har det, de med hang til det meir sobre. Sjølv om Duras skreiv Sommeren 80 då ho var alvorleg alkoholisert. Likevel: Ei samling av spalter. Spaltesjangeren – ein som krev stringens og det stramme. Men det er for Libération at Duras får spaltistoppdraget. Jean-Paul Sartre og Serge July er hjernane bak avisa. Dei grunnlegg Libération i kjølvatnet av 1968-opprøyret. Duras skriv jamt gjennom sommaren 1980. Ti tekstar, i forma som ho sjølv vel: Vel vitande om havet, det frie, uregjerlege rundt badebyen. Heilt ytst, mot horisonten, helser stormen på Le Havre. Han trugar, stormen. Skal han komme til land, eller berre vere der ute, verke på flodmålet. Skal det verkeleg slå til, alt som bygger seg opp ute i verda. OL i Moskva, mens krigen er på sitt mest kalde. Kvar spalte tar for seg slike hendingar, innanfor ramma av horisont og hav, regn og kvardagsliv i badebyen. Berre litt lenger enn denne synsinga, er kvar av dei ti tekstane til Duras. Dei er om ekstreme retningar til høgre og venstre. Duras skriv om dei mens ho er midt i hendingane. Store hendingar ramma inn av dei små hendingane, dei som ho har tett på kroppen. Den første spalta byrjar slik: Det regner og har gjort det siden femtende juni. Man skulle skrive for en avis, som man går på gaden. Man går, man skriver, man går gennem byen, den bliver tilbgelagt, hører op, vandringen fortsætter, på samme måde går man genneom tiden, en dato, en dag, og så er den tilbagelagt, hører op. Det regner over havet.

Sommaren er temperert og våt. Turistane forlet feriekolonien. Forretningslivet skjælver, siden første juli er priserne kun fordoblede, til august tredobles de, hvad skal der blive af os, hvis de rejser bort? Strandene er igen blevet overladt til havet, til de legesyge vindstød, saltet, til rummets svimlen, til havets blinde kræfter. Og nesten berre Barnet blir att i feriebyen.  Barnet badar i regnet. Han kjenner ikkje forholdet mellom regnet og forretningslivet. Han smakar på ferskt vatn mens han sym i havet. Vinteren 2013 har knapt minusgradar, og er ein smak av vår, i desember. Sommeren 80 får eg denne desember, av Cathrine. Han kjem i veka som plar vere den mest kalde. I år regnar det på julaftan. Plenar er grøne. Bønder pløyer marka. Vi stikk hovuda i jorda. Vi fornektar menneskeskapte klimaendringar, og bryr oss mest om bustadprisar. Ser nesten ikkje at det er godt, for barna våre at prisane normaliserer seg, at dei unge kjem inn på marknaden.

Kanskje har vi noko å lære av mummipappaen, han som ikkje er redd for melankolien, for dei mørkare sanningane i livet. Vi har mykje å lære av Sommeren 80. Tidleg og presis artikulasjon av tankar som seinare har blitt allemannseige: Hvad er så forskellen mellem kapitalismen og socialismen? Der er ingen undskyldning for kapitalismen, det er der for socialismen. (…) Hvordan vil I definere dem? Ved frygten. Hvordan har I kunnet acceptere jeres livs utilstedelighetd, og det gennem årtier og årtier? Af frygt.

Lågtrykket går forbi Hesteskjæret Fyr. Floda kryp opp berga, flyt inn i gapet av naustet. Nordmøringane tar munnen full. Regionen baserer seg igjen på konjunkturbasert industri. Tidlegare var det klippfisk, sild, var rikdom og tronge tider, alt ettersom prisar på fisk steig og fall. Folk er tilpasningsdyktige, trøyster Johan meg. Eller seg sjølv. Snekkaren klatrar opp i den store bilen som han kjøpte for boom-pengane frå gode tider i byggebransjen. Han skal snart pensjonere seg, Johan. Men har auge opne som Duras Barnet. Margerite Duras var søtti i sommaren 1980. Folk trudde ho skulle stryke med, av leverproblem. Duras slutta å drikke, og skreiv Elskeren. Boka som verda forelska seg i. Den om vatnet som stig. Stig i oss, stig utanfor oss. Driv endeleg med. Les dette franske, omsett til dansk. Og len deg inn i det såvidt framande, i språket. Og kjenn kor aktuelt og kjent stoffet faktisk er.

Straumane kan godt føre ein utover. Pålandsvinden tar ein til slutt heim att.