Magasinett

Utskrift

Ujamn eufori

Skrive av Sara Myhren Kornberg .

Foto: omslag og Svein Olav B. Langåker

Den flotte tittelen gir høge forventningar som dessverre ikkje innfrir.

 

& me skal bli omskapte
Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland
Samlaget
304 s.

 

Eg var heilt sikker på at eg kom til å sluke romanen om chocolatieren Jakob Hov. Berre smak på tittelen - & me skal bli omskapte – fantastisk! Dessverre er det slik at då eg endeleg kom meg igjennom boka, sat eg att med ein bismak i munnen. Eg skal prøve å forklare kvifor.

& me skal bli omskapte handlar altså om Jakob Hov, chocolatier i Paris og arveprins til familieverksemda heime i Sogn og Fjordane. Men når gamalonkelen døyr, må han til London og ta imot ei arv han ikkje har bedt om – ein liten butikk. Etter litt om og men, bestemmer Jakob seg for å bli i London og starte sjokoladebutikk i lokala han har arva. Og slik startar Jakobs engelske liv, som er ein evig fest fylt av sjokolade, sjampanje og spanande relasjonar.

Proppfull av kompromiss
Mariell Øyre (fødd 1990) og Jostein Avdem Fretland (også fødd 1990) vaks opp i kvar sin dal inst i Sognefjorden. Avdem Fretland er utdanna komponist og arbeider som musikar og skrivar. Øyre er fotograf, bloggar og redaktør og driv verdas største nynorskblogg, hjartesmil. Dersom du klikkar deg inn på bloggen hennar, er det ikkje vanskeleg å spotte likskapane med romanen. Bloggen handlar nemleg også mykje om sjokolade, vin og mat. Paret bur saman i London, der det meste av handlinga i romanen føregår.

Eg har stor respekt for at eit par skriv ein roman saman. Ærleg tala skjønar eg ikkje korleis dei får det til. I mange høve er det nyttig å vere to, men når det kjem til å skrive ein roman? Respekt. Det er likevel nokre ting ved romanen som får meg til tvile på om det å skrive saman med ein annan likevel er så lurt. Slutten av boka er proppa full av hendingar, og eg lurer på om forfattarane her har inngått kompromiss for å få med flest mogleg av sine hjartebarn på dei vel 300 sidene. Eg føler at dette også går ut over eit eventuelt oppgjer eller ei gjenforeining med Jakobs foreldre, som omtrent ikkje blir nemnt etter at han seier frå seg familiebedrifta.

Problem med protagonisten
Eg trur mykje av problemet mitt med romanen, er at eg ikkje får sympati for protagonisten. Trass i at det er synd på han fordi alle har meiningar om kva han bør gjere med livet sitt, er han så emosjonelt utilgjengeleg at det blir vanskeleg for lesaren å få eit forhold til han, rett og slett. Når ambassadørkjærasten hans Yuan blir sendt til eit anna land for å jobbe og forlèt han, går forfattarane lite inn i kva Jakob eigentleg tenkjer om det. «- Det har ikkje vore mine beste dagar. Men herregud, kven bryr seg. Han er vekke no, og det er alt me treng å seia om det. (...)» Jakob sine seksuelle krumspring held også fram med å vere eit mysterium – er han bifil eller er han homofil?

Når det er sagt, har forfattarane eit lyrisk språk andre berre kan misunne dei. «Dei åtte åra som er gått, forsvinn i eit stort, utdrege gisp etter pusten. Glitteret legg seg, reflekterer ljos som den største tåra i verda, ein augekrok som aldri slepper.» Eg tippar at folk som er glad i Jane Austen sine romantiske romanar med flotte festar, overdådige kjolar og emosjonelt utilgjengelege karakterar vil like denne boka. For min del vart det litt for mykje sjokolade og sjampanje, og eg ville helst gå heim lenge før festen var over.