Magasinett

Utskrift

Rekrutten: Spenning, vald og mykje blod

Skrive av Gaute Sæbø .

Foto: Samlaget

For dei som likar å lese krim og dei som likar bøker med mykje spenning, slåssing og blod.

Robert Muchamore Aggs Edginton

Rekrutten

Det norske samlaget

2012

Grafisk roman, Krim

 

James som er hovudpersonen i boka veks opp med syster si, ei mor som er alkoholikar og stefaren deira. James flyttar inn på ein skule etter ei uventa hending. Han kjem i kontakt med CHERUB som brukar foreldrelause barn som spionar til å avsløre kriminelle terroristar.

Sidan boka er ein teikneserie, er den enklare å sjå føre seg enn ei vanleg bok. Det gjer at du lever deg meir inn i handlinga. Det er mykje banning i boka og det passer godt med sjangeren.

Boka minna meg litt om dei første ROCKY-filmane, fordi hovudpersonen må trene seg opp til å bli sterkare og betre. Alt anna ved boka er vinkla på ein ny måte for meg. Spesielt dette med at barn blir brukt som spionar. Det gjer boka veldig original.

Boka fengjer frå første side og det var mange spenningstoppar. Dette gjer at boka blir vanskeleg å leggje frå seg.

Dette er den første boka i CHERUB-serien og det er mange fleire bøker i serien.

Forfattaren heiter Robert Muchamore og han vart født 26. desember i 1972. Han er ein engelsk forfattar frå London som skriv bøker for ungdom. Han er spesielt kjend for CHERUB-serien.

Forfattaren har skrive om ungdom sin oppførsel slik at andre ungdommar kan kjenne seg igjen.

Boka passar best for gutar frå 12 år og oppover. Eg tilrår boka vidare til dei som likar å lese krim og dei som likar bøker med mykje spenning, slåssing og blod.


Meldt av Gaute Sæbø, Bremnes ungdomsskule