Magasinett

Utskrift

Ei fengande reise

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Endeleg er oppfølgjaren til fantasyromanen Landet under isen her.

 

Landet under isen
Dødeboka
Lars Mæhle

Som i første boka har Lars Mæhle skapt ei historie der me blir med den utvalde Leo Rubin ut på oppdrag. Det heile startar ei mørk natt då det blir måla med lammeblod i dørkarmane til alle husa i bygda Smalvik, på døra til Leo Rubin er det ikkje berre lammeblod, men ei heilt spesiell helsing er spikra på døra, Leo Rubin får ei utfordring som blir vanskeleg å svare på.

Dermed er dramaet i gang igjen, kampen mellom det gode og det vonde, og dei farefulle reisene ned til Landet under isen. Kva vil dei finne denne gongen? Kven har måla blod på dørene, og kva betyr det? Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei i 2010 tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Fabelprisen og ungdommens eigen pris, UPrisen. Boka blei òg nominert til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009. Dødeboka er andre, frittståande bok i denne fantasyserien.

Det heile handlar om ei livsfarleg sekt, ei grufull utfordring og ei umogleg reise inn i riket under isbreen. Ein utvald og ein etterforskar må finne svaret på dei hemmelege skriftene som gir svar på dødens gåter. Og kva om det finst ein sektleiar og ein mordar i den vesle bygda Smalvik ? Det heile handlar om å finne løysinga før jorda går under. Og som bestefar til Leo Rubin tidleg slår fast; alle venner er ikkje venner, og alle fiendar er ikkje fiendar.

Dette er ei mytisk og kompleks historie som klarer å halde lesaren fanga gjennom heile boka. Du blir lett riven med at det drivande og gode språket, og du får eit behov for å finne ut korleis det går med dei tre vennene som reiser til riket under isen, og kven som står bak mordet i Smalvik. Nett som i den første boka i serien er det tett med religiøse og mytiske bilete.

Bak handlinga ligg det eit teppe av gamalegyptisk religion. Boka har fått namnet Dødeboka, eit omgrep me også kjenner att frå Den egyptiske dødeboka, som igjen er namnet på ei tekstsamling med tekstar av ulik alder og opphav som vart funne i gamle egyptiske graver. Tekstane skulle resiterast for å verne døde i livet etter døden eller i dødsriket. I Bibelen kan me også lese om korleis Herren ba folket forberede seg på å avslutte mange års fangenskap ved å feire påske. På den gitte dagen i den aktuelle månaden, skulle dei slakte eit lam av hannkjønn som var utan feil og lyte. Blodet frå lammet skulle dei stryke på dørkarmen i huset der dei budde. Ved å gjere dette ville dei bli beskytta når dødsengelen gjekk gjennom landet.

Det er ikkje ei enkel oppgåve den utvalde, Leo Rubin har fått. Han reiser frå bygda Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Der får han eit umogleg val: Døden. For seg sjølv, eller vennene sine. Kva skal han velje? Dramatikken blir berre større når det viser seg at det er den hemmelege sekta Soltempelordenen som står bak, og at sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg i Smalvik. Vil etterforskar Magne Jerstad avsløre henne?

Lars Mæhle klarer å skape eit fantasy-univers som fungerer, det er ein kunst å skifte mellom ulike historier og landskap som han gjer i denne ungdomsboka. Og han klarer å tvinne historiene om bygda Smalvik og det meir mystiske samfunnet under isen saman på ein god måte. Lars Mæhle (f. 1971) er frå Sunndalsøra. Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002). Filmen Keeper’n til Liverpool (2010) er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrevet ei rekkje bøker for barn og ungdom. Gjennombrotet kom med Landet under isen (2009).