Magasinett

Utskrift

Ein smak av zombie (og litt menneskekjøt)

Skrive av Andrea Rygg Nøttveit .

Det er overraskande truverdig når øykommunen Bømlo vert invadert av zombiar.

 

En smak av zommer
Tor Arve Røssland
zombiar/grøss
Sider: 142
Egmont Kids Media Nordic AS 
2014

Zombiane er dei nye vampyrane. Dei er populære i spel, på tv, film og no òg i fleire nye bøker. Ja, til og med i klasseromma har zombiar vorte brukt til undervisning i etikk.

Både omslag, tekststorleik og tema i boka seier lettlest. Ein kan mistenkje at målgruppa er elevar på mellomtrinnet, som treng litt ekstra lesemotivasjon. Den same målgruppa som slukte bokserien «Grøsserne» frå 90-talet og utover. Spenning er den beste kuren for lesevegring.

«En smak av zommer», første bok i den nye serien Egmont Kids Media Nordic-serien «Grusom», er ført i pennen av Tor Arve Røssland. Vestlandsforfattaren har denne gongen nytta bokmålspennen, men held seg geografisk i vest. Nærare bestemt Bømlo i Sunnhordland.

Saman med den eksentriske lykkejegaren Savini har 16 år gamle Max sommarjobb som gullgravar i dei gamle gullgruvene på Lykling på Bømlo. Gamle gullgruver som finnast i verkelegheita. Nede i gruvene skjer det skumle saker. Savini forsvinn og kjem attende med mystiske bitemerker. Dei same bitemerka dukkar òg opp på fleire saueflokkar. Ein farsott spreier seg. Er det eit virus?

Loggførte rapportar frå Z-skvadronen, som er på saka, gjev korte skildringar frå augevitne. Ofte veit dei ikkje kva dei har sett og kva som skjer med kroppen deira. Kor mykje veit eigentleg myndigheitene? Desse spørsmål-svar-sekvensane er eit effektfullt grep som gjev lesaren frampeik ein forstår betre jo lenger ein les.

Og det er nettopp reaksjonane til menneska som er det mest spanande i zombieforteljingar. Zombiane sjølv er jo berre svoltne, vandrande, viljelause lik.

Ikkje uventa er vår helt meir opplyst enn dei fleste andre innbyggjarane på Bømlo.

Forfattaren har tidlegare fortalt til Framtida.no at han har planane klare for ein eventuell zombieinvasjon, noko boka vitnar om. Det er i alle fall ein god mal på kva som kan gjerast dersom zombiane oppheld seg på ei eller fleire øyer med bru til fastlandet.

Det er dei typiske ungdommane som tydlegast set historia inn i ei vestlandsbygd. Dei møtest på butikken utanfor Sortland sentrum, utan å gjere noko spesielt. Max som fresar Bømlo rundt på mopeden sin. Skulle han ha flytta på hybel på vidaregåande, slik at han slapp maset til mor? Tenåringsproblem og ein gryande storm, som ein predikant kan kjenne på seg under eit vekkingsmøte.

Seinare vert vegane på Bømlo grundig køyrd opp i forsøket på å få overblikk over situasjonen, samle dei Max bryr seg om, skaffe rasjonar, våpen og kome seg i tryggleik. (Skulle du trenge det, er det eit kart over området rundt Bømlo på ein av dei første sidene.)

Ja, Røssland har sett for seg invasjonen, og vidareformidlar han med eit effektivt og handlingsretta språk, som lett kunne utspelt seg på eit filmlerret. Forfattaren bak Svarte-Mathilda-serien meistrar sjangeren skrekk for ungdom.

At Max relativt nyleg var vitne til ei ulukke der faren omkom er eit klisjéaktig grep, som historia hadde greidd seg godt utan. Slike kjensler kjem liksom ikkje heilt til sin rett i møte med zombiar. Kjærleikshistoria mellom Max og Sofie er eit anna element som treng litt tid på å varmast opp og smeltast inn i heilskapen. For innpakninga lovar zombiar, og alt tyder på at det er det lesarane som plukkar opp denne boka vil ha.

Underteikna tykte faktisk det var litt zombiemangel i byrjinga av boka, men utan å røpe for mykje, så kjem dei etterkvart.

Og Røssland sparar ikkje på gørra: «Det vrengte seg på innsiden av Max da han så zombiene rive hodet av Magne og spise opp ørene hans.» Dei røskar ut innvolar, tarmar, hjarte og lunger. Det er grusomt. Heldigvis reagerer karakterane på det dei ser, og verkar prega i ettertid.

Det er ingen som ropar «Zombie!», med det same. Me må nesten ein tredel ut i boka før Max kviskrar ordet. Helten vert heller ikkje zombieekspert med det same dei invaderer kommunen hans. Det er ikkje sjølvsagt at ein veit med det same at hjernen må knusast, om dei kan symje eller om dei kan dø av seg sjølv. Og korleis forklarar ein alvoret i ein zombieinvasjon på telefon?

Tor Arve Røssland sine zombiar er tru mot dei me allereie kjenner, med unnatak av nokre som er raskare, sterkare og til og med smartare enn dei andre: Superzombiar.

Kva er det som har skapt desse?

Eit heldig grep mot slutten er bygdeoriginalen Vincent. Han kjennest meir truverdig eksentrisk enn Savini, som eg tek meg sjølv i å ikkje bry meg noko særleg om. Vincent dukkar opp med våpen og konspirasjonsteoriar. Er det hovudstaden og amerikanarane som står bak eit biologisk eksperiment på vestlendingane? Kan dei stole på fregattane og jagarflya som dukkar opp for å ta hand om saka? Korleis endar ein eigentleg ein zombieinvasjon, og kven fortel historia etterpå?

Innleiingsvis gjev boka meg berre ein smak av zombie, men heldigvis kjem hovudretten med store mengder av desse grusomme glupske vesena.