Magasinett

Utskrift

«Ofte blir det berre ekkelt»

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Trass i mykje og detaljert vald, blir ikkje dette spennande nok.

 

Anne Bergset Oikonomaki
Smådjevlane
Samlaget
2014

Romanen startar som det meste anna som er produsert med sikte på auka adrenalinnivå. Med eit ufordrageleg menneske med ukontrollerte alkoholproblem. Parallelt med at vi blir kjent med grådige greske menn, blir vi introdusert for naive norske kvinner på chartertur.  Det viser seg at nokon planlegg å smugle menneske, og at andre vil stoppe dei. Sistnemnte har eigentleg ikkje edlare motiv enn førstnemnte, og utover i boka blir oppgjera stadig meir valdelege.   

Kan dette bli bra? Det kjem an på kva du likar. Fantaserer du om litt meir spenning i sydenturane til Hellas, vil du truleg få inspirasjon her. Personleg vart eg aldri heilt rive med. Ein blir aldri godt nok kjent med menneska til at ein lever seg inn i spenningsscenene, eller kjenner sorgene, gledene eller grøsset deira. Dette skal vera ein thriller. Men det blir ikkje så spennande. Eg har sett mange på film, og det må vera svært krevjande å gi att noko slikt i skriftleg form.  

Kanskje kunne forfattaren satsa meir på det psykologiske. I denne romanen er vald og actionscener dei sentrale spenningselementa. Men det som skal fange deg, og få deg til å gløyme tid og rom, blir ofte berre ekkelt. Til dømes her: «Han treiv om nakken på Panteren med den venstre handa og køyrde skrujernet av all kraft mot eit av dei stirande auga. Ein surklande lyd da auget sprakk».

Anne Bergset Oikonomaki er debutant. La det berre vera sagt, forfattaren er ikkje talentlaus. Setningane og språket flyt, nynorsken er eit føregangsdøme. Det er mykje gode skildringar og artige detaljar. Som i dette: «Ti meter forbi bilen i vegkanten gassa han på og bante så det lyste over det sedvanlege slitet med å finne tredje gir». Skriv gjerne meir. Men kanskje ein ny sjanger neste gong?