Magasinett

Utskrift

Fitteprat


Skrive av Sara Myhren Kornberg .

Foto: Anna-Julia Granberg/CappelenDamm

Svært grafisk om kvinneleg seksualitet.

 

Fitta og havet
Maja Anette Flønes Monsen
Cappelen Damm
87 s.
Dikt
Terningkast: 3

Diktsamlinga Fitta og havet - Du lyg (det er løgn) handlar, som tittelen tilseier, om fitte og hav. Samlinga er debuten til Maja Anette Fløsnes Monsen, ein 31 år gamal farmasøyt som også har gått to år på forfattarstudiet i Tromsø.

Ingen av dikta hennar har tittel - noko som gjer at det blir vanskeleg å ta dei ut av kontekst, samtidig som dei heller ikkje har nokon raud tråd - men boka har ein slags struktur ved at den er delt i to; den første delen heiter Du lyg (det er løgn) og den andre Fitta og havet. Dikta er svært grafiske; det er blod, gørr og kroppsvæsker. Om samlinga passar for ungdom er eg litt usikker på - den har nemleg ein seksuell komplisitet som til tider også er vanskeleg for ein 27 år gamal meldar å dissekere:

Du spør om
du kan få morkaka

du dytter
ein bit i munnen
resten fryser du

når du drikker
kan det hende
den tiner
du seier
eg har jo ingen barn

Andre gonger er ikkje dikta vanskeleg å tolke i det heile, i alle fall ikkje når dei har ei form som liknar mest på ytringar:

Å ronke i
fitta på folk
er ikkje det same som
å pule

"Vulgær" er eit adjektiv som ofte dukkar opp i hovudet mitt når eg les og tenkjer på samlinga. Blodige og væskande fitter blir trykt opp i trynet på lesaren og ja - til tider er det ubehageleg:

Eg får fittesopp
fittesatan
du springer naken rundt
og er full
når du seier unnskyld

Men kanskje er det nødvendig? Eller er det det? Etter å ha lest samlinga, sit eg eigentleg igjen med mange fleire spørsmål enn svar. Eg er på ingen måte prippen, men eg klarer ikkje å la vere å undre: Treng vi alt dette fittepratet? Og kven er det i så fall som treng det? Er det ein feministisk tekst? Er samlinga meint som ein kommentar til eit patriarkalsk samfunn? Spørsmål eg ikkje klarer å svare på her og no.

Men eg kan seie noko om forventningane eg som lesar har til ei diktsamling. Eg forventar korte strofer som skal røre ved noko i meg. I del ein, Du lyg (det er løgn), som handlar mykje om kjærleik og potensielt tap, klarar forfattaren tidvis dette. Spesielt dette diktet (utan tittel, som dei andre) gir rom for mykje refleksjon hjå meg:

Angsten er
større enn deg

du kjenner ikkje
at du elsker
heile tida

Denne angsten, som i dette tilfellet står som ein vegg mellom både avsendaren og mottakaren av kjærleik, er sår og kan øydelegge så mange relasjonar for oss menneske. Dette oppsummerer forfattaren meget godt i det eg må seie er favorittdiktet mitt i samlinga. Så kan ein sjølvsagt også diskutere kva eit dikt er. Er til dømes dette eit dikt:

Slipp havet fri

Eg er freista til å seie nei, men mange vil nok vere ueinige med meg. Og er dette ei bokmelding? Eg er sanneleg ikkje sikker.