Magasinett

Utskrift

Sveve over Himalaya

Skrive av Camilla Ruhs .

Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Den beste hausten er etter monsun er ein vakker, lyrisk og kort roman frå Mette Karlsvik.

Mette Karlsvik:
Den beste hausten er etter monsun
169 sider
Samlaget

To stemmer frå forskjellige verder møtest i Mette Karlsvik sin nye roman. Ein norsk jagarpilot treff på ein tebonde. Luftas kvinne møter jordas mann i India.

På ein fiktiv USA-driven NATO-base midt i Sikkimdalen i Himalaya er jagarpiloten Venor stasjonert. Ho må finna ut kven ho eigentleg er – og om det å vera ei brikke i storpolitikken i knutepunktet mellom India, Tibet, Kina, Nepal, Bangladesh og Bhutan. Det er fint som lesar å få lov til å vera med å sveve over bakkeplan med ho og få høyre hennar tankar om det å vera kvinne i militæret og forholdet til andre: «Eg er redd for avvising og for å bli forlaten».

Men det er mykje meir me får høyre av hennar tekniske refleksjonar om det å fly, om lufta og naturen: «Cockpit er hus av glas. Han er ein heim forma som ein dom; ein modell av himmelen. Instrumenta ein landsby. Eg er mellom lysa og himmelen». Språket til Karlsvik er godt og presist gjennom heile boka, men nokre gonger kjenner eg at dei teknologiske omgrepa og tankane til jagarpiloten framandgjer og distanserer meg som lesar.

Jagarpiloten Venor treff tebonden Pasi frå Sikkim saman med kona hans, Anushka. Midt på ein sølete veg der NATO-bilen set seg fast. Ikkje mykje skjer i møtet mellom dei, men Karlsvik lar begge to fortelje om møtet: Dei har særs ulike oppfatningar.

Me kjem meir under huda på tebonden sjølv om han berre får ein tredjepart og siste delen av romanen. Frå huset sitt og i arbeidet med den litle jordflekken analyserer han naturen. Han reflekterer over påverkinga frå verda utanfrå som til dømes forureining kan ha å seia for grønsaker og teblada hans.

Venor og Pasi er to ytterpunkt, luft og jord. Kontrastane som ein stutt augneblink treff kvarandre. Kva hadde skjedd om dei fekk lov til å treffe kvarandre igjen? Eg trur at fleire hendingar og møter mellom dei kunne ha skapa meirdjubde og dynamikk – og eg hadde ikkje hatt noko imot å få lesa fleire sider med stemma til Mette Karlsvik.

 

FAKTA:

Mette Karslvik er frå Nordmøre har blant anna skrive romanane: Vindauga i matsalen vender mot fjorden, Flytårn og Brage-nominerte Bli Bjørk.