Magasinett

Utskrift

Dikt om heile livet

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Foto: Herborg Pedersen/Samlaget

Oskar Stein Bjørlykke gjev oss augneblinkar av tru, fortviling og forelsking.  

 

Tittel: «For deg»
Forfattar: Oskar Stein Bjørlykke
Sjanger: Lyrikk
Forlag: Det Norske Samlaget (2014)
Lengd: 95 sider

Nynorsk er fint i dikt. Du kan mislike det som argument, men neppe motseia det som sanning og realitet. Diktsamlinga «For deg» av Oskar Stein Bjørlykke er nettopp eitt av dei verka som gjer at nynorsken blir så fin i dikt, anten vi likar det eller ikkje. 

Det er ei diktsamling om heile livet. Om glede, trøysteløyse, forundring og kvardag. Ho er servert av ein mann som har levd lenge, og skrive mykje. Formuleringane dansar av garde.

 

«langt, langt borte

men så inderleg nær

ropet

er i deg all din dag»

 

Bjørlykke tek oss gjennom vonde augneblinkar: 

«dagen døyr

i solrenninga»

 

alvorsam samfunnskritikk:

 

«Sjølv i det beste

av alle land

er det verste på plass

du ser det stire

i gluggane blant alt godt»

 

og djupt personlege inntrykk:

 

«ei ørlita ro i tanken

ved kjelda under treet

her kan eg flyta godt

i meg sjølv før du kjem»

 

Dette er godbitar å trekkje fram, ein etter ein. Dikta er korte, men ikkje ta alle på ein gong, da blir du kvalm. Det er mykje kjensler å fordøye, og vakre formuleringar kan slå kvarandre i hel om dei får for lite tid til å synke inn. I dei fleste tilfella er det poetisk, ein sjeldan gong komisk.

«skuldra mi snakkar med

di skulder»

Gje boka til nokon som likar Olav H. Hauge, men som har lest alt av han. Ikkje gje boka til ein kynikar. Men gje henne gjerne til ein sidemålsmotstandar. Når dei seier nynorsk er fint i dikt, er det akkurat denne typen dikt dei pratar om. Dikt vil vera den siste arenaen for nedkjemping av nynorsk. Det er slike som Bjørlykke vi må takke for det.