Magasinett

Utskrift

Rydland på sparebluss

Skrive av Ahmed Khateeb .

Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Til tider er det nervepirrande å lese soga om drakeguten Koll, og i fjerdeboka vert handlinga stadig meir kompleks og mørkare.

 

Kampen om Kervad
Asbjørn Rydland
Samlaget
2014
339 sider

Kampen om Kervad er den fjerde boka i serien om krigarguten Koll. For den første boka i serien, Drakeguten, fekk Rydland Nynorsk barnelitteraturpris. Ein av styrkane til serien er ei nyansering av skiljet mellom god og vond, ei nyansering som gjer den fantastiske litteraturen meir realistisk. Ein konsekvens er at lesaren og hovudpersonen har problem med å stole på folk. Denne gongen blir mistenkeleggjeringa for insisterande, og når ho også blir uforløyst, står ikkje boka fram som heilt vellukka.

Skjulte skurkar og politisk spel

Det er økonomiske oppgangstider i landsbyen Kervad etter at dei fann ei hole med skal av drakeegg, eit svært  sterkt og verdifullt materiale. Tidlegare var ikkje mange interessert i landsbyen, men no lokkar Kervad til seg folk utanfrå, handelsmenn og gruvearbeidarar. Ikkje alle har gode intensjonar og i denne boka er den store trusselen utsendingane frå byen Vilkafjord som meiner dei kan leggje under seg den nyrike landsbyen. Mot leigesoldatane til Vilkafjord, har ikkje Kervad mykje å stille opp med.

Heldigvis har dei eit landsbyråd som ikkje godtek krava utan vidare. Men her sit den nye landsbybuaren Vigon Stralek, ein investortype Koll ikkje får til å stole på. Den makta Vigon utøver i rådet, gjer at Koll må handle i det skjulte når han skal prøve å avsløre det han trur er dei eigentlege planane til Vigon. Kven i Vilkafjord er det som har hyra leigesoldatane, og kvifor gøymer personen seg? Koll meiner innflyttaren Vigon må vere innblanda. Her er det mange politiske konspirasjonsteoriar og intrigar.

Krigaren

Trass dei mange skjulte konfliktane, er det nok av opne konfrontasjonar, spionoppdrag, nærkampar og slag i boka. Koll er berre ungdomen, likevel er han den beste krigaren i landsbyen. Han er ein klassisk helt, bråkjekk og i konflikt med alle, men med nokre få gode støttespelarar som helst vil at han skal te seg noko betre. Det er ikkje lett for Koll, han har nemleg nordavinden i seg, ei glødande kraft han stadig blir betre til å kontrollere, men som av og til tar over. Utlært er Koll ikkje, og det er uvisst om det er han eller nordavinden som er ansvarleg når fienden døyr i nærkamp med Koll. Nordavinden er altså ikkje enkel å kontrollere, og sjølv om Koll kan kommunisere  gjennom vinden, og i tillegg sjå ting frå lang avstand, er meldingane frå vinden like ofte uklare som klare. Det gjer at det fantastiske her er ein kvalitet som lesaren aldri er trygg på korleis vil slå ut.

Eit vellukka forteljargrep

Når forteljarstemma av og til endrar fokus, er det eit grep som fungerer godt. Rørsla bort frå Koll til Vigon Stralek, gjer at forteljinga blir meir variert. Samstundes byggjer grepet opp under dei skjulte planane til Vigon, for heller ikkje lesaren blir noko klokare på akkurat dette. Spesielt det første Stralek-kapitlet er interessant, og her viser Rydland at han også har ein morosam penn. Det er fint med nokre avbrekk frå den einsformige mistenkeleggjeringa av alt og alle som pregar kapitla til Koll, og Stralek-delane er klare høgdepunkt i boka. Synd det ikkje er fleire slike tekststader!

Uavslutta

Det er tydeleg at boka er del av ein serie, og det får konsekvensar for komposisjon og innhald i denne fjerdeboka. For det første er dei fleste relasjonane mellom karakterane presentert for lesaren tidlegare, og her er fleire av figurane berre nemnd i forbifarten utan at dei får noko aktiv rolle i handlinga. Den stadige kranglinga mellom Koll og medsoldaten Seir,  er forstyrrande, og relasjonen til faren får svært liten plass i romanen, sjølv om akkurat denne relasjonen vil vere avgjerande vidare i bokserien. Ei anna innvending er at boka ofte refererer  til episodar frå tidlegare, dei fungerer som påminningar for gamle lesarar, samtidig gjer dei det mogleg å lese boka utan å ha lese alle dei føregåande. Men stilistisk blir desse påminningane for kunstige.

Eg sit igjen med fleire spørsmål enn svar i ei bok som heilt tydeleg er ein etappe i ei større forteljing. Utan at boka utviklar universet i særleg stor grad, skjer det ei form for sakte intensivering av dei sentrale motiva i serien. Spørsmåla er: kven kan ein stole på og kan ein stole på seg sjølv? Det viktigaste i denne boka er det som skjer i den uventa avslutninga, men fram til då er det ikkje mange overraskingar i handlinga. Sjølv om hendingane er dramatiske nok for Koll, ventar eg at han verkeleg blir satt på prøve i neste bok.