Magasinett

Utskrift

Nei, nei, nei

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Foto: Tom Henning Bratlie/Samlaget

Dag Seierstad auser av ei utømeleg kjelde om EU-kamp. Men kunne det vore gjort på ein meir underhaldande måte?

 

Det heiter seg at historia blir skriven av sigerherrane. «Folket sa nei» må på alle måtar seiast å vera denne typen historieskriving. Det er ei endelaus lang oppsummering av alle små og store detaljar rundt nei-kampen i Noreg, som altså enda med nei både i 1972 og 1994. Kva skal det vera godt for?

Ein har kanskje aldri før samla denne historia mellom to permar. Det starta tidleg på 60-talet, der til og med Norges Bondelag var positive til EEC, og enda med at utanforlandet Noreg i 2014 kan smykke seg med Europas lågaste arbeidsløyse.

Boka viser godt fram breidda i nei-alliansen, og omfanget av masserørsla som har vore i sving.  Ikkje minst blir det tydeleg korleis delar av Arbeidarpartiet og LO ikkje lét seg kue av parti- og organisasjonspisk, men tvert om var synlege og taleføre delar av nei-sida. Såpass får vi slått fast.  

Men dette er ikkje mykje underhaldande lesing. Kampen er tørt og nøytralt framstilt heile vegen, og det som finst av artige kuriositetar og fargerike personlegdomar blir berre kort nemnt. Meir må ein rekne det som eit oppslagsverk. Ei nøytral kjelde er det likevel ikkje, så det må bli mest for husbruk. Nei-sida i Noreg vann to gonger mot – om ikkje alle – så iallfall ganske mange odds. Det er absolutt verdt å skrive bok om. Men ei tilråding ville vera eit meir både underhaldande og analytisk format. Kven var eigentleg Kristen Nygaard? Er det nokon i dag som har høyrt om han? Det var mannen som leia Nei til EU i 1994. Kva arbeidskapasitet og strategiske evner av unik karakter måtte ikkje han sitja inne med? Han blir vigd nokre sider, men kunne sikkert fylt ei bok åleine.

Det er utruleg mykje spennande ein kunne ha løfta fram. «Pøbler mot EU» til dømes, som hadde ei rekkje superartige plakatar i 1994, mellom anna slagordet «Det er nok bønder i byen». Og dei som var aller mest begeistra var Bondelaget! Denne kreative gjengen er knapt namngjeven i boka.  

På den litt meir seriøse sida  kunne ein også stilt spørsmålsteikn ved Senterpartiet si enorme oppslutning i 1993, tufta på eit løfte om å ikkje rette seg etter folkemeininga, men å røyste nei til unionen i Stortinget, same kva. Likevel var namnet Anne Enger Lahnstein einsbetydande med folkestyre. I det minste kunne ein gjort eit større poeng av å samanlikne kampane på 70- og 90-talet, for å få fram både morosame og alvorlege skilnader, og å vise kva som gjorde at nei-sida vann i to såpass ulike tiår.

Det hadde i det store og heile vore rom for fleire raude trådar. I denne omgangen vart dette for mykje av stort og smått. Framtida vil vise om det likevel kan ha ein nytteverdi å ha historia samla på ein plass.