Magasinett

Utskrift

Forrykande klimathriller

Skrive av Svein Olav Langåker .

– Språket flyt godt og det er rett og slekt kjekt å lesa boka, skriv meldaren om Lars Mæhle si siste bok. Foto: Andrea Nøttveit og omslag

BOKMELDING: Spennande og velskrive av Lars Mæhle, som kjem med ramsalt kritikk av Stoltenberg. «Bouvetøya 2052» får ein til å tenkja: Kan dette bli verkeleg?

Boka byrjar i eit Oslo som me berre kjenner namnet på. Byen er no ein del av Oljetrianglet, eit diktatur som ikkje vil høyra snakk om klimaendringane. Me følgjer hovudpersonen Roland, ein 17 år gamal klimaaktivist og hackar som førebur seg på ein demonstrasjon på Youngstorget.

Samstundes går startskotet for tidenes heftigaste nettreality, ein klimakonkurranse lagd til den isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Fem ungdommar frå kvar av verdsdelane deltar. Heile verda følgjer med, pengepremien er enorm og målet med realityen er ikkje noko mindre enn å redda verda.

Spennade thriller
Dette minner kanskje litt i overkant på Dødslekene? Forfattaren kjem unna det på ein elegant måte når hovudpersonen sjølv seier Bouvetøya 2052 er realityplagiat av verste sort. – Nei, det er retro, svarer veslebroren hans Julian og viser til nettopp Dødslekene og Robinsonekspedisjonen.

Eg skal ikkje skriva så mykje meir om historia, men eg kan seia såpass at handlinga i Sørishavet er forrykande og spennande, med brå vendingar lik vêret på den forblåste norske øya i Sørishavet. Av og til stoppar det litt opp; boka kunne kanskje blitt kutta noko, til dømes nokre av dei teknologiske nyorda som ligg i teksten. Elles flyt språket godt og det er rett og slekt kjekt å lesa boka.

LES INTERVJU MED FORFATTAREN!

Kritisk og engasjert
Samfunnet som Lars Mæhle teiknar opp i 2052 er eit diktatur som liknar på ein av dei mest kjente dystopiane i litteratursoga; 1984. George Orwell frykta eit samfunn der bøker ville bli forbode, slik det er forbode å ta opp klimaendringar i boka til Lars Mæhle. Om eg skal koma med ei innvending, så er det den underliggande analysen i Bouvetøya 2052: Eg klarer ikkje å bli overtydd over at Noreg kan bli eit oljediktatur i løpet av dei neste 37 åra. Kvifor skulle ein trenga ein overvakingsstat for å hindra folk i å gjera noko med klimaendringane? Det skurar og går ganske greitt allereie i dag. Som Aldous Huxley viser gjennom Vidunderlige nye verden er det meir effektivt å undertrykkja endring gjennom underhaldning og distraksjonar.

Det er tydeleg at Lars Mæhle har noko han vil seia om klimapolitikken som blir ført i dag. Klimakvotene til Jens Stoltenberg blir kalla både umoralske og mislykka. Mæhle skal ha ros å skriva engasjert og for å knyta dystopien til dagsaktuell politikk om verdas største utfordring.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!