Magasinett

Utskrift

Eksentrisk blanding mellom fantasi og røyndom

Skrive av Kristian Laxå .

Grete Kleppen har skrive boka Uventa vendingar. Foto: Samlaget

BOKMELDING: Vil du ha ei bok som du undrar deg over, og du tenkjer kva har eg lese no, er det heilt ok å plukke opp «Uventa vendingar».

 

Boka «Uventa vendingar» er skriven av Grete Kleppen, og er 206 sider lang. Det handlar om ein forfattar som isolerer seg ein plass på norskekysten, ein stad mellom Ona fyr og Hustadvika, og vert forstyrra av ein russar som skyl i land på denne gudsforlate staden. Dette er ei bok som blandar saman røyndom og fantasi. Den har forteljinga om forfattaren som er ei greie, og så har den forteljingane som forfattaren skriv som vert ein raud tråd som bind saman forteljinga. Det finst ikkje noko tema i boka, eg har i vertfall ikkje klart å oppfatte noko tema. Boka tek føre seg fantasien til forfattaren, og det vert mana fram masse fargerike karakterar. 

Boka er skriven lite engasjerande, og eg klarer ikkje å kome inn i boka før eg minst har lese 120 sider. Boka har heldigvis nokon ljospunkt som til dømes forteljingane om ho som rømde heimanfrå, og slutten på boka er ganske overraskande. Boka har småelement som heile tida vendar att, og som på den måten er med på å binde forteljingane saman, og det er bra for elles så hadde det berre vore tilfeldig vås.  Tittelen lever veldig opp til innhaldet i boka, og hendingane i boka er veldig tilfeldige. Boka er utruleg spesiell og ho er så spesiell at eg ikkje ville tilrådd ho vidare, det var rett å slett for absurd for hjernen min til å take stilling til. 

Vil du ha ei bok som du undrar deg over, og du tenkjer kva har eg lese no, er det heilt ok å plukke opp «Uventa vendingar», men er du som meg og ikkje likar at røyndom og fantasi vert blanda saman i ei eksentrisk masse, kan du lett styre unna denne.

Terningkast: 3

Grete Kleppen
Uventa vendingar
Samlaget 2015
Roman, 208 sider