Magasinett

Utskrift

Om dei som flyktar og dei som skal ta imot

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

«Du skal vere litt av eit menneske for å ikkje la deg fange» skriv bokmeldaren vår om debutboka til Emil André Erstad. Foto: Gjermund Øystese/Samlaget

Det kan vera godt å vite litt meir om våre nye landsmenn. Medkjensla veks medan du les denne boka.

 

Kvifor har syrarane lagt på flukt? Forfattaren sjølv, Emil André Erstad, vedgår i denne boka å ha vorte reint flau kvar gong han skulle stille det spørsmålet. Samstundes måtte han gjera det. For svaret gav seg slett ikkje sjølv, det kom ei ny historie kvar gong, og til slutt vart det bok. «Farvel, Syria» har til føremål å vise oss kvifor det er rett å gje husrom til menneske som er på flukt. Sjølv om vi nordmenn eigentleg skulle ha visst det sidan Håvamål vart nedteikna.

Erstad dreg linene frå bomberegn i Damakus til flyktningstraumen på Storskog i Finnmark, via eit angrande nettroll i Alta. Sistnemnde får oppdage det Erstad forsøker å fortelja oss alle. Flyktingar er menneske i naud, ikkje kriminelle, eller hasardiøse lukkejegarar.  Den store myten som blir forsøkt knust i denne boka, er at det beste er å hjelpe flyktningane der dei er. For hadde det berre vore så enkelt. Nabostatar som Jordal og Libanon er på bristepunktet. Alt av både hjarterom og husrom er brukt opp. Da må folk reise vidare.

Erstad fortel både ovanfrå og nedanfrå. Han ser ned på den globale flyktningsituasjonen med analytiske samfunnsvitskaplege briller, og han ser opp på europeisk landjord frå ein skjør flyktningbåt som kryssar Middelhavet ei bekmørk natt.

Her er passe mykje fakta og passe mykje personleg. Eigentleg alt for mykje av det personlege. Framsida kunne godt hatt ei åtvaring mot sterke bilete. Dei mentale bileta som pressar seg fram når flytkinghistoriene blir fortalt, går over grensa til det absurde. Men dette skal altså vera den verda vi lever i, og vi får vera så gode opne augene for det. Vi skal ikkje tåle så inderleg vel.

Berre framsida på boka er uvanleg forseggjort. Biletet og tittelen står perfekt i stil, og du skal vera

litt av eit menneske for ikkje la deg fange. Du blir førespegla historia om det å bryte opp frå heim og fredleland, og samstundes mykje informasjon om ei krise du har høyrt veldig mykje om, men kanskje ikkje heilt forstår. Og innhaldet held det omslaget lovar. 

LES INTERVJU MED FORFATTAREN: Vil knuse mytar om Syria

Emil André Erstad sørgjer for at skilnaden på ein asylsøkar og ein kvoteflyktning blir banka inn ein gong for alle. Her er ein del folkeopplysning og samstundes nye politiske visjonar. Kva med ei mentorordning, etter modell av Canada? Der det er kyrkjyelyden, eller fotballlaget, som buset, og ikkje det offentlege? Erstad er ein 24 år gammal KrF-poltikar. Men frykt ikkje. Dette er korkje umodent eller kristenkonservativt. Dette var eigentleg berre opplysande, intelligent, nytenkjande og rørande. Frå ende til annan.    

Les fleire bokmeldingar her!

Tittel: «Farvel, Syria. Om eit folk på flukt»
Forfattar: Emil André Erstad
Sjanger: Dokumentar
Forlag: Samlaget (2016)
Lengd: 269 sider